Hopp til innhold

Kva vil du gi for denne?

I fjor blei den kjøpt for 2300 kr. Slår du den?

Bjørkestokk til salgs

Stokken som i fjor blei kjøpt for 2300 kroner går no tilbake til auksjonen til TV-aksjonen.

- Det er jo ein veldig flott stokk, som har vore til god bruk, seier Jon Brakestad som i eit heilt år no har vore eigar av stokken.

Men no gir han den altså frå seg.

- Det er litt trist, men no er tida inne.

Frå sal til TV-aksjonen

Bjørkestokken fra Helgeland

Bjørkestokken frå Helgeland kan bli din!

”Stokk av bjørk selges. Vanlig type. Stokken er ca 1,5 m, med en diameter på 5-8 cm. To passe store kvister stikker ut. Har ligget lagret på sandstrand i lengre tid. Fremdeles litt sand nederst. Stokken har også litt bark igjen noen steder. Mange bruksområder! Dette er billig.”

Slik starta historia til TV-aksjon-stokken. Raymond Levang hadde funnet den på Helgeland og la den ut på Finn.no for ein prislapp på 100 kroner.

Les historia om stokken her

Til TV-aksjonen

Etter uendeleg med telefonar og e-postar blei det klart at stokken skulle gå til inntekt til TV-aksjon.

- Det er jo kanonbra at den skal seljast på auksjon og at pengane går til ei bra sak, fortalde Raymond til NRK i fjor.

La den ut for sal

Jon fortel om livet med stokken

Gir den vidare

Jon Brakestad og TV-aksjons-stokken

Jon Brakestad er blitt glad i stokken, men er no klar for å gje den vidare.

Foto: Victoria Uwonkunda / NRK

Jon Brakestad frå Oslo kjøpte stokken for 2300 kroner under TV-aksjonen i fjor og no gir han den altså tilbake til TV-aksjonen og til auksjonen.

- Dette er moro. Vi har fått ein vandrestokk! Dette er bokstavleg talt støtte. Stokken har støtta han og no støtter han vidare gjennom TV-aksjonen, seier Rune Gokstad som er auksjonarius i TV-aksjonen.

- Det er jo ein veldig flott stokk. Og den har det ein god stokk skal ha, med passe store kvistar og ein passe lengde, seier Jon.

Bør by meir

Både Rune Gokstad og tidlegare eigar av stokken meiner at det bør kome inn meir pengar i år på stokken.

- Eg veit ikkje akkurat kva prisindeksen er, men den har nok økt i verdi. Det er jo TV-aksjons-stokken!

- Det bør kome inn det doble! Ein gjenstand som det her aukar i verdi frå år til år, meiner Jon.

No kan den bli din!

Vil du bli den stolte eigar av TV-aksjonsstokken?

Då kan du by på stokken her!

Jon fortel om livet med stokken