Tidligare år har folk gjennom TV-aksjonen sin auksjon fått
, kjøpt den kjente Autofil-bobla eller fått Finn Bjelke i Popquiz heim i stua.
I år kan du vere med og bestemme kva du vil by på.
Hjelper jenter og kvinner
I år skal pengane frå årets TV-aksjon gå til CARE, ein hjelpeorganisasjon som jobbar spesielt mot jenter og kvinner.
TV-aksjonen i år går til kvinner og jenter, fordi dei rammast hardare av fattigdom, nød og diskriminering. Å hjelpe ei kvinne betyr å hjelpe fleire. Metoden CARE brukar er spare- og lånegrupper. Små, lokale sparebankar som er eigd og driven av kvinnene sjølv.
Du bestemmer
Er det noko du har sakna i TV-aksjonen, som du trur folk vil by på? Her er sjansen din!
Programleiar og auksjonarius Rune Gokstad vil ha alle slags forslag til kva folk kan by på.
- Ingen forslag er for store og ingen for små. Berre ein held seg innanfor straffelova er alt lov.
Skriv i kommenteringsfeltet under kva du vil sjå auksjonert vekk i TV-aksjonen den 18. oktober 2009.