Hopp til innhold

Kjærleik og bølgjeskvulp

Ønskjer du å syne att på fjorden, er «Loveboat» sjølve draumen på 13 fot. TV-aksjonen auksjonerer vekk Autofils fargerike meisterverk!

Loveboat på vogna i profil
Foto: Lars-Erik Eriksen

- Sjå på dette her: to overnattingsplassar, solseng, vanntank, kjøkken; denne båten er som ei flytande campingvogn, og den er ekstremt romsleg for å vere så liten og lett!

TV-aksjonens auksjonarius, Rune Gokstad, syner engasjert fram den unike skapningen «Loveboat», som framleis står ubrukt i all si glinsande prakt, trygt plassert på ei like iaugefallande båtvogn.

Den 13 fot lange jolla blei i fjor trylla om til eit flytande meisterverk av eit kobbel av dyktige fagfolk i fjernsynsprogrammet «Autofil». No kan du bli båtens stolte eigar og samtidig støtte ei god sak!

- Dritlekker!

Rune Gokstad og Loveboat

Blanke flater og flotte former (til venstre).

Foto: Steinarr Sommerset

«Autofil» si matchande folkevogn gjekk for 160.000 kroner i fjorårets auksjon , medan denne bølgjepløyande godbiten er klar for årets auksjon.

- Kven passar denne båten til eigentleg, Gokstad?

- «Loveboat» er for dei som aldri har fått den merksemda dei fortener! Dette er båten folk vil hugse deg for i fleire generasjonar, den er jo dritlekker!

Båtentusiasten knepper opp den svarte kalesja over den koselege kabinen, og held fram:

- Båten er perfekt for to venninner som vil utforske sjølivet, som ei unik konfirmasjonsgåve, eller for par som ønskjer å reise på flotte overnattingsturar på både sjø og land. Blir blir du lei av campingplassen du overnattar på, kan du berre sjøsetje doningen og tøffe avgarde!

  • By på «Loveboat» i TV-aksjonens nettauksjon her!

Mykje personlegdom for pengane

Rune Gokstad og Loveboat, babord

Båtentusiast og auksjonarius Rune Gokstad.

Foto: Steinarr Sommerset

Alt er flunkande nytt, og med ein firetakts Suzuki-motor på 15 hestekrefter festa til det stabile trifoil-skroget, får du mykje båt for pengane.

I tillegg har båten ei heilt spesiell utføring med samspel mellom blankpolert eik og eit flott spraylakkert dekor med mange originale detaljar.

Auksjonariusen stryk handa over den skinande ripa og rettar ei klar melding til alle som siklar etter båten:

- Blir ikkje prisen i auksjonen høg nok, byr eg over og kjøper båten sjølv!

Loveboat, sett frå hekken

Ein hekk til å bli glad i.

Foto: Lars-Erik Eriksen