Hopp til innhold

Innsamlingsrekord for TV-aksjonen

Pengane fortsette å strøyme inn etter TV-sendinga var over. No kan Kirkens Bymisjon starte fleire tiltak enn planlagt.

Ingrid Gjessing Linhave, Haddy Njie, Adelheid Firing Hvambsal og Vibeke Østby

Ingrid Gjessing Linhave, Haddy Njie, Adelheid Firing Hvambsal og Vibecke Østby jublet da de fikk vite det foreløpige resultet på aksjonsdagen.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Då TV-sendinga var over 21. oktober, jubla generalsekretær i Kirkens Bymisjon, Adelheid Firing Hvambsal. Det hadde då kome inn 239,6 millionar kroner til TV-aksjonen.

Nesten to månadar seinare kan ho juble enda meir, for pengane fortsette å kome inn etter aksjonsdagen.

Endeleg resultat er no talt opp til 257,4 millionar. Eller for å vere meir presis: 257.449.536 kroner.

– Det er fantastisk å sjå kor rause det norske folket er, seier Firing Hvambsal.

Anonym givar

100.000 bøssebærarar banka på dørene i heile landet 21. oktober for å samle inn pengar, men ikkje alle fekk gitt den dagen likevel.

TV-aksjonen fekk tilsendt kontantar i ein konvolutt frå ein anonym givar

Nokon som veit kven den anonyme givaren er?

Foto: Ida Scheie / NRK

Ein anonym givar sende like gjerne pengane direkte til TV-aksjonen sin redaksjon. I ein god gamaldags konvolutt frankert med frimerke låg det ein 200-lapp, utan avsendar. Redaksjonen sørga for at pengane kom til rett mottakar, og den anonyme givaren kan dermed vere nøgd med å ha bidratt inn til innsamlingsrekorden.

Fleire tiltak

Kirkens Bymisjon hadde planlagt at inntektene frå TV-aksjonen skulle gjere det mogleg å starte opp kring 60 konkrete tiltak fordelt over heile landet.

– Ved at vi fekk inn meir enn vi hadde håpa på, ser vi no at vi kan nærme oss heile 70 tiltak, fortel generalsekretæren.

Tiltaka er ein del av Kirkens Bymisjon sitt arbeid for eit varmare og meir inkluderande samfunn. Dette inkludererar mellom anna arbeidstiltak, utlånssentralar for barn og unge, og akuttovernattingar.

– Vi veit at desse tiltaka betyr mykje for mange, og vi er glade for den tillita det norske folk har gitt oss gjennom sine bidrag til årets Tv-aksjon, seier Firing Hvambsal.

Samlande

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen gler seg over at dugnaden framleis står sterkt i Noreg.

– Særleg i desse digitale tider er det godt å sjå at TV-aksjonen står sterkt, og at det er mogleg å skape eit så breitt engasjement. Det viser at vi framleis treng ein slik samlande arena, seier Eriksen.

Innsamlede beløp TV-aksjonen 1974 - 2020

År

Organisasjon

Innsamlet beløp
i millioner kroner

1974

Flyktningerådet

23

1975

Sanitetsforeningen (NKS)

10

1976

Norges Blindeforbund

14

1977

Kirkens Nødhjelp

54

1978

Redd Barna

43

1979

Flyktningsrådet

74

1980

Landsforeningen mot kreft

84

1981

Atlas-alliansen

85

1982

Norsk Misjonsråd

89

1983

Norsk Folkehjelp

69

1984

Amnesty

81

1985

Landsrådet for Norske Ungdomsorganisasjoner (LNU)

79

1986

Kirkens Nødhjelp

111

1987

Nasjonalforeningen for folkehelsen

114

1988

Flyktningerådet

96

1989

Kvinneaksjonen

87

1990

Redd Barna

140

1991

Atlas-alliansen

108

1992

Rådet for psykisk helse

90

1993

Norgs Røde Kors

135

1994

Norsk Folkehjelp

123

1995

Frelsesarmeen

148

1996

Miljø for livet

77

1997

Kreftforeningen

177

1998

Flyktningerådet

119

1999

Amnesty

128

2000

SOS-barnebyer

158

2001

Kirkens Nødhjelp

135

2002

Atlas-alliansen

142

2003

Redd Barna

160

2004

Kirkens Bymisjon og Rådet for psykisk helse

148

2005

FOKUS

139

2006

Leger uten grenser

206

2007

Sammen for barn (Unicef)

238

2008

Blå Kors

192

2009

CARE Norge

192

2010

Flyktninghjelpen

208

2011

Norsk Folkehjelp

219

2012

Amnesty

201

2013

Nasjonalforeningen for folkehelsen

230

2014

Kirkens Nødhjelp

251

2015

Regnskogfondet

189

2016

Røde Kors

230

2017

Unicef

243,5

2018

Kirkens Bymisjon

257

2019

Care Norge

240

2020

WWF

239

2021

Plan International Norge

263

2022

Leger uten grenser

266

Ekspander/minimer faktaboks