Hopp til innhold

Yrkessjåfør dømt til fengsel for aktlaust drap – retten trur ikkje på tiltalte

Ein 82 år gamal mann omkom på staden då ein varebil rygga på han i Trondheim i fjor haust. Tiltalte i 50-åra er no dømd til 60 dagar i fengsel. Han nektar straffskuld.

Oversiktsbilde etter bildrap på Byåsen

ULUKKESSTADEN: Lastebilen midt på biletet rygga i eit område med blokker og fleire stikkvegar.

Foto: Politiet

Sjåføren skulle levere varer til ein barnehage på Byåsen då det gjekk gale 17. september i fjor.

Motsol og skuggar

Ulukka skjedde i eit område med bustadblokker. Inst i ein stikkveg på 95 meter ligg barnehagen. Langs vegen var det også søppelkonteinarar, parkerte bilar, ei garasje og vegetasjon. Det var vanleg å rygge opp stikkvegen sidan det ikkje er mogeleg å snu ved barnehagen på grunn av andre parkerte bilar, forklarte sjåføren.

Han har jobba mange år i same selskapet og ein gong i veka hadde han varelevering til barnehagen. Ruta med denne lastebilen hadde tiltalte køyrd sidan januar 2021.

Den aktuelle føremiddagen hadde han ei svak motsol inn i førarhuset. Blokkene rundt kasta også skuggar på innkøyrselen, sa tiltalte under rettssaka i august.

Ulykke Byåsen

Det var ein klar, solfylt dag då ulukka skjedde. Tiltalte hadde litt motsol, men meiner det ikkje hindra han i å sjå kameraskjermane på dashbordet.

Foto: Erland Knutsen / NRK

Mange kamera på lastebilen

På kvar side av bilen var det montert utvendig kameraspegel, vinkelspegel forutan eit vidvinkla ryggekamera på taket.

Dessutan hadde lastebilen eit 360-kamera.

Det siste såg ikkje tiltalte på den aktuelle dagen. Han meinte han hadde betre oversyn bakover ved hjelp av kameraspegel og ryggekamera med alarm.

Alt kan sjåast via skjermar på dashbordet i førarhuset.

På grunn av delvis motsol var skarpheita på skjermane litt dårlegare, forklarte tiltalte, men meinte han hadde godt oversyn over strekninga han skulle rygge.

Han passa også på å sjekke at det ikkje kom nokon ut av ei vaktmeistergarasje der døra stod open.

Trudde avdøde var ein «svartsekk»

Sjåføren sa i retten at han under rygginga såg ein berepose med matvarer i vegen. Han rekna med at det var noko søppel og rygga vidare.

Så kom det fram noko stort, mørkt framfor bilen. Tiltalte oppfatta det som ein «svartsekk». Sekund seinare oppdaga han at det var den påkøyrde som låg på vegen. Han var kledd i svart bukse.

Etterforskinga viste at 82-åringen vart slept sju meter under lastebilen. Tiltalte hadde rygga 53 meter då han oppdaga avdøde på vegen framfor seg.

Ulykke på Byåsen i Trondheim

Politiet rykka ut med fleire patruljar til ulykkesstaden.

Foto: Erland Knutsen / NRK

Det var ingen augevitne til ulukka, men ein person kom straks til og starta med førstehjelp.

82-åringen fekk store skader og vart erklært død på staden av ambulanse som raskt kom til staden.

Bereposen med matvarer var avdøde sin. Han kom frå nærbutikken like før ulukka skjedde, viste etterforskinga.

Meiner tiltalte hadde fleire val under rygginga

Ferdsskrivaren viste at ryggefarten varierte mellom 3 og 7 kilometer i timen.

Trøndelag tingrett trur ikkje på tiltalte som seier han sjekka alle spegel heile tida under rygginga utan å sjå den fornærma undervegs:

Retten finner det derfor etter en samlet vurdering av bevisførselen helt usannsynlig at tiltalte kan ha sjekket alle speil og kamera på en forsvarlig måte under ryggingen. I så fall ville han ha observert (N.N. namn på avdøde).

Trøndelag tingrett

I domen nemner retten fleire tiltak som sjåføren kunne gjort:

  • Han kunne seinka farten enno meir.
  • Han kunne stoppa undervegs, gått ut og sjekka området.
  • Han kunne hatt med ein «hjelpemann» som hadde sikra at ingen kom bak lastebilen mens den rygga.

Trøndelag tingrett dømer han derfor for aktlaust drap, etter straffelova paragraf 281, og for brot på vegtrafikklova om å opptre omsynsfullt så ein ikkje skader andre.

Den tiltalte yrkessjåføren må også vere utan førarkort i tre år og må avlegge ny førarprøve.

Arve Røli

Tiltalte har ikkje bestemt seg for om han vil anke domen, seier forsvarer Arve Røli.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Forsvarer Arve Røli opplyser til NRK at tiltalte skal tenkje på om han skal anke domen til lagmannsretten.

Etter ulukka har selskapet som leverer varer lagt om rutinane. No blir varene lesse av bilen og frakta på tralle til barnehagen i Trondheim.