Lisa ble mobbet på ungdomsskolen
Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Lisa blei så sjuk at ho ikkje greier å gå på vanleg skule igjen

No vedgår Trondheim kommune at dei gjorde mange feil då dei forsøkte å stoppe mobbinga av henne på ungdomsskulen.

Fliring, peiking og bruk av mobiltelefon i skuletimen var ein del av kvardagen.

Ei av dei som plaga henne mest, sende melding frå naboklasserommet:

Anonym:Æ må si dæ no

Lisa forstår at dersom ho ikkje svarer, kjem det berre fleire meldingar.

Og det gjer det:

Anonym:Har du sett bildene av deg?
Lisa:Nei, hva da?

Venninna skriv at mange har sett bileta allereie og at Lisa må gå inn på ein app. Der ser ho manipulerte pornografiske bilete. Av seg sjølv.

– Å vete at mange av dei som alt hadde sett bileta , sat rundt meg der i klassen, var vondt, fortel Lisa.

Ei glad jente

På barneskulen var Lisa Føynum (19) ei glad jente, som likte å gå på skulen og som gjorde leksene med glede.

Då ho byrja på Rosenborg ungdomsskule i åttande, hamna ho og bestevenninna i kvar si klasse. Lisa fekk ein ny venegjeng.

– Det verka som om den tidlegare bestevenninna mi ikkje likte det. Ho ville ha kontroll med kven eg var i lag med og kva eg gjorde. Etter kort tid merka eg at dei nye venene mine trekte seg unna meg. Det skjedde veldig fort, fortel ho.

På Facebook vart ho mot sin vilje meldt inn i nye grupper der venene hennar skal ha fortalt om korleis ho var. Lisa visste ikkje om ho skulle tru på det ho las. Det stod også at ho hadde sett ut rykte, noko ho seier ho ikkje gjorde.

Blikk, tisking og utestenging på skulen auka i løpet av åttande klasse.

Lisa fortel om elevar som kunne sette seg kvar som helst i klasserommet og taste på mobilen mens undervisinga gjekk føre seg. På mobilen kom det meldingar, dag og natt. Ho fekk ikkje sove. I byrjinga svarte ho på nokre av meldingane, for å ha «kontroll», som ho seier og å få dei som sende dei til å stoppe.

Det gjekk ikkje mange månadene før Lisa kjende seg veldig aleine og utan vener i klassen.

Etter kvart gav ho opp.

Lisa meiner skulen ikkje hjelper

Via foreldra til Lisa har NRK fått tilgang til notat frå lærarar i skuleloggen. Notat som foreldra først fekk sjå då dei bad om mappa på Lisa i 2017.

Foto: Utdrag frå skuleloggen

Mobbinga kom ut av kontroll

Mette Winsnes Råberg ristar på hovudet mens Lisa Føynum(19) fortel si historie. Winsnes Råberg var, og er framleis rektor ved Rosenborg ungdomsskule. Ho er tydeleg berørt.

Møtet i tredje etasje i Rådhuset denne februardagen i 2018 var eit av krava familien stilte før jul i fjor, for å gå med på forlik med kommunen i staden for å ta saka til retten.

– Eg går ikkje upåverka ut av dette møtet, Lisa.

Lisa meiner at dersom skulen hadde lytta meir til kva ho ønska, så hadde mobbinga kanskje slutta før den kom ut av kontroll.

Ho meiner skulen og kommunen burde lytta meir til forslaga ho kom med tidleg.

– Å splitte mobbarane i ulike klasser for då blir dei svakare. I staden vart eg plassert i eit eige rom med elevar som hadde lærevanskar. Då kjende eg meg enno meir isolert.

Til stades på møtet frå kommunen er også oppvekst- og utdanningsdirektør Camilla Trud Nereid og kommuneadvokat Børge Bloch Trondvold. Nereid byrja i kommunen først i 2017, Trondvold representerte kommunen juridisk i forliksprosessen.

Dei tre frå kommunen lyttar mens Lisa fortel korleis ho hadde det. Det er tydeleg at historia hennar gjer inntrykk.

Lisa og foreldra ønskjer at kommunen skal lære av feila den gjorde.

Familien har med seg advokaten sin, Arvid Kjærvik, og spesialist i klinisk psykologi, Svein Øverland. Sistnemnde har vore sakkunnig i samband med førebuingane til rettssaka.

Undersøkingane hans av Lisa konkluderte med at ho utvikla diagnosen Posttraumatisk stressliding (PTSD), panikkangst og medisinsk invaliditet som følgje av det ho gjekk gjennom på ungdomsskulen.

Då NRK i fjor sommar fortalde historia til Lisa som saksøkte Trondheim kommune etter å ha vorte mobba gjennom heile ungdomsskulen, ville ho vere anonym. Vi kalla henne «Anne».

Lisa i møte med Trondheim kommune

MØTE MED KOMMUNEN: Trondheim kommune har betalt erstatning fordi ho utvikla posttraumatisk stressliding og er medisinsk invalid som følgje av den massive nettmobbinga. 50.000 barn blir mobba i skulen, viser tal frå Helsedirektoratet. Og meir og meir av mobbinga skjer via sosiale medier.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Endringa kom snikande

På barneskulen hadde Lisa knapt vore borte ein dag. Endringa kom snikande.

Lisa fortel om den tidlegare bestevenninna si som fekk ei anna jente til å sette seg på fanget til kjærasten til Lisa. Så vart biletet av dei to sendt til Lisa med beskjed om at no var kjærasten hennar utru.

– Eg byrja å skulke skulen i niande klasse. Det var på vinteren, det var kaldt. Men eg gjekk rundt utandørs i fleire timar i staden for å vere på skulen. Og heim kunne eg ikkje gå, fordi då ville foreldra mine etter kvart skjøne at eg skulka, fortel ho.

Då Lisa ikkje ville vere med i gymtimen i niandeklassen, forstod mora, Line Wigen Føynum, at noko ikkje var greitt.

Tidlegare hadde Lisa vore veldig aktiv på fritida. Ho dreiv med turn, fotball, dans, ski, symjing. Ho var flink i skulearbeidet.

Men ho fekk ikkje sove om natta, tenkte på om det kom meldingar, kva som stod der og kva ho skulle gjere. Ho var kvalm, kasta opp og orka ikkje tanken på å gå på skulen.

Lisa kjenner det som om ho ikkje lenger har vener
Foto: Utdrag frå skuleloggen

– Vi svikta Lisa

Då Lisa byrja å skulke i niande klasse og fortalde kva som gjekk føre seg, tok foreldra affære. Mange tiltak vart sette i verk for å legge forholda til rette slik at ho kunne gå på skulen. Stadig nye fagpersonar vart blanda inn.

Far, Trond Føynum, fortel om korleis Lisa måtte fortelje om opplevingane sine til alle som skulle hjelpe.

– Det var jo personlege opplevingar og kjensler som vi måtte gjenta for meir eller mindre framande folk. For ein 14-åring er jo det særleg krevjande. Lisa trengde ein person ho kunne forhalde seg til. I staden vart ho meir utrygg.

Men foreldra var samde med helsetenesta i kommunen om at det var greitt å få ein time hos skulepsykologen.

Derifrå vart det Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) i eitt år. Der vart ho greidd ut for ulike mogelege diagnosar. For undervegs mens det stod på som verst var Lisa vorte deprimert og hadde tankar om døden. Heimeundervising og om ho skulle bytte skule vart også diskutert.

– Vi svikta Lisa. Vi greidde ikkje å gjere henne trygg. Det er eg forferdeleg lei meg for, seier rektor Mette Winsnes Råberg.

– Det var jo ikkje det at vi ikkje stilte opp for Lisa. Heile apparatet i kommunen vart sett i verk for å hjelpe henne. Men tiltaka trefte ikkje, seier rektoren.

Far Trond Føynum meiner tiltaka skulle ha vore evaluert og eventuelt endra undervegs. Barn skal høyrast, slik både Barnekonvensjonen og Opplæringslova slår fast.

– Dette bør alle vete som jobbar med barn i skuleverket vete. Men det skjedde ikkje med Lisa. I så fall ville ho ikkje ha gått frå å vere ei frisk jente til å utvikle melllom anna PTSD etter ungdomsskulen.

– Eit skuledøme på korleis ein ikkje skal gå fram

Advokat Arvid Kjærvik har ført fleire mobbesaker for retten. Han meiner behandlinga av Lisa er eit skuledøme på korleis ein kommune ikkje skal gå fram.

– Her har fokuset vore på Lisa og familien hennar, at ho skulle haldast unna mobbarane. Det er feil fokus. Dei som blir mobba har krav på å gå i fred og då er det dei som plager som skal ansvarleggjerast, seier Kjærvik.

Han meiner all dokumentasjonen familien hadde, i form av skjermbilete frå sosiale medium, referat frå alle møta med kommunen, e-postar og avtalar, belyste saka svært godt, noko som er veldig viktig om ein skal nå fram med erstatning.

Mobbinga gav Lisa seinskadar ho må leve med resten av livet.

Far Trond Føynum meiner Trondheim kommune enno har mykje å lære og viser til mobbedomane som er komne dei siste åra der fleire kommunar har svikta.

Mange møte og brotne avtalar

Skuleloggen frå Rosenborg skule viser at fleire lærarar var klar over at ho vart plaga av ein jentegjeng.

Mobbesak på skulen
Foto: Utdrag frå skulelogg

Det er i januar 2013 at mobbinga og utestenginga av Lisa når eit førebels høgdepunkt. Ho er utsliten og fortvilt. I loggen nokre dagar seinare skriv kontaktlæraren at politiet har tatt kontakt med nokre av foreldra til elevane og at Lisa håper dette skal hjelpe.

Då mobbarane blir konfronterte via fagleiaren på skulen, vedgår nokre av dei kva dei har gjort. Men etter ei stund startar mobbinga igjen, i større omfang.

Foreldra har mange møte med skulen. Dokument NRK har sett viser at minst 15 ulike personar tilknytte BUP var inne i saka til Lisa som behandlarar.

– Mange møte, mange involverte som skulle vere ekspertar, mykje papir, forslag, tiltak. Og ikkje minst brotne avtalar.

Slik samanfattar far Trond Føynum, kampen foreldra har ført inntil dei bestemte seg for å saksøke kommunen i fjor.

Dess større hjelpeapparatet vart, auka belastninga på familien. På kort varsel måtte dei møte til nye samtalar, når det passa dei som skulle hjelpe.

Trond Føynum anslår at han brukte 3-4 timar kvar dag gjennom mange år for å svare på epostar, sms-ar og bu seg til nye møte. Det førte til at han ofte måtte avbryte arbeidsdagen sin.

Ønsket frå familien var at rett og slett at Lisa skulle kjenne seg trygg på skulen. Og at mobbarane skulle stoppast.

– Men eg kjende det som om det var meg det var noko gale med. Det gjorde at eg byrja å tru på det sjølv, og sjølvbiletet vart berre dårlegare for kvar dag, seier Lisa i dag.

Lisa og pappa Trond Føynum

LEITA ETTER DOTTERA: Faren til Lisa, Trond var mange kveldar ute og leita etter dottera då ho forsvann heimanfrå. Han visste at ho ofte drog til Rotvoll. Han var livredd for det verste: At ho stod der og venta på eit tog, men ikkje for å gå om bord.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Kva med mobbarane?

28, januar 2013, i eit notat underskrive også av far til Lisa, forutan einingsleiar og ein saksbehandlar i kommunen, om kva tiltak som bør settast i verk, blir Lisa som person skildra slik:

Tiltaksavtale
Foto: Utdrag frå tiltaksavtale mellom skule og foreldre

Trond Føynum etterlyste mange gonger opp gjennom åra kva kontakt skulen og kommunen hadde tatt med foreldra til dei namngjevne elevane som mobba.

«Eplet fell ikkje langt frå stamma», var svaret han fekk.

Også på møtet i februar i år blir tiltaka mot mobbarane etterlyste. Rektor vedgår at det var vanskeleg å nå fram til dei føresette. Og som ho uttrykkjer det:

– Det var ikkje mykje å hente der.

Rektor Winsnes Råberg opplyser at ho ikkje har fullmakt til å flytte elevar til ein annan skule. Det må avgjerast på ein høgare instans i kommunen og slikt tek tid. I dette tilfellet var det også så seint i semesteret at flyttinga ikkje kunne gjennomførast utan andre praktiske utfordringar, seier rektor.

– Vi freista også å sette inn tiltak mot dei som mobba Lisa. Men vi nådde ikkje fram.

– Meiner du det var rett å sende Lisa til psykiatrisk utgreiing i eitt år, som ho seier berre gjorde henne dårlegare?

– Det var psykologen i kommunen som avgjorde at Lisa skulle til BUP. Det er bestandig enklare å sjå ting i lys av etterpåklokskap og då kunne ein kanskje tenkt at det ikkje var naudsynt. Men der og då var det ei avgjerd tatt av ein fagkunnig psykolog og då støtta vi oss på det.

Men ho meiner endringane i Opplæringslova som tok til å gjelde i fjor sommar stiller strengare krav til korleis skulen skal opptre i mobbesaker. Mellom anna er lærarar pålagde å varsle til rektor om mobbesaker på eit tidleg tidspunkt og skulen skal følgje ein detaljert tiltaksplan.

Kan bli meir utstøytt som «avlogga»

Dei siste åra har nettmobbing og spreiing av private bilete fått større merksemd. På møtet med kommunen tek mor til Lisa, Line Wigen Føynum, fram det som skjedde med handballspelaren Nora Mørk i fjor.

– Når ei jente som Mørk bryt i hop og vurderer å slutte på landslaget, fortel det kor tøft dette er.

Å få slutt på nettmobbing ved at den som blir utsett for det, loggar seg av, kan verke som ei enkel løysing.

I skuleloggen for Lisa er dette nemnt, når kontaktlæraren skriv om ein prat med Lisa på skulen midt i niande klasse:

Lisa blir skjerma frå sosiale medium
Foto: Utdrag frå skuleloggen

Spesialist i klinisk psykologi, Svein Øverland, seier det å høyre til ein flokk er svært viktig for ungdom som er på veg bort frå foreldra og inn i vaksenverda. Det å ha kontakt med jamaldrande inneber i dag i stor grad å vere «pålogga». Ein ungdom som melder seg «av» fordi vedkomande blir plaga, kan gjere alt mykje verre. Då har mobbarane på eit vis vunne, meiner Øverland.

Mobilbruken blant unge aukar stadig. Men mange foreldre veit ikkje kva dei unge held på med, viser ei ny undersøking frå Medietilsynet.

Lisa om møtet med den tidlegare rektoren.

«Stalking»

Psykolog Svein Øverland samanliknar psykisk mobbing og utestenging med «stalking», der ein person blir forfølgd.

Det kan vere noko så tilsynelatande «uskuldig» som at den som vil ein annan noko vondt, oppsøkjer huset og flyttar kosten utanfor døra frå høgre til venstre side og så går igjen. Den som blir plaga og som alltid har kosten på høgre sida av døra, kjem heim og ser dei er flytta.

– Beskjeden frå forfølgjaren er: «Eg har vore her, eg kan skade deg, men no flytta eg berre på kosten.»

Slik kan også nettmobbing verke og den som blir utsett lever i ei stadig frykt og kjenner seg ikkje trygg nokon stad, seier Øverland. Han meiner det bør vere forbod mot mobilbruk i klasserommet.

Lisa foreslo også mobilforbod på skulen. Nokre skular i Trondheim har innført «mobilhotell» det siste året. Rosenborg skule er ikkje ein av dei.

Musikk og trening har hald Lisa oppe

NYTT LIV: Trening og musikk har halde Lisa oppe. Ho er no instruktør på eit treningsenter i Trondheim og nord i Trøndelag.

Foto: Privat

Ønskjer å sjå framover

Musikk og trening har vore det som har halde Lisa oppe, sjølv om ho har vore gjennom heile skalaen av fortviling: Mørke tankar, sinneutbrot og sjølvskading.

Ho er no instruktør på eit treningsenter i Trondheim og i Steinkjer. Men best har ho det når ho står på ei scene og syng. Då kjenner ho at ho har kontroll. Fleire av låtane ho har laga sjølv ligg på musikkstrøymetenester.

Lisa Føynum ønskjer no å sjå framover. Vidaregåande utdanning må ho finne andre vegar å ta enn den tradisjonelle. For å sitte i eit klasserom igjen, kan ho ikkje tenkje seg. Ho har forsøkt å ta videregåande to gonger, utan å lukkast.

Om møtet med den tidlegare rektoren sin seier ho:

– Det burde jo ikkje ha vore naydsynt for meg å sitte der, hvis skulen hadde høyrt meir på meg mens mobbinga gjekk føre seg.

Lisa ble mobbet på ungdomsskolen
Foto: Bent Lindsetmo / NRK