Hopp til innhold

Widerøe har trøbbel med ferieutfart

Det er meldt om fleire tekniske problem og kansellerte avgangar frå flyselskapet Widerøe. Det går utover mange passasjerar, sidan det er haustferie fleire stader i landet.

– Vi skulle så gjerne vore forseinkingane forutan. Vi har jobba utan avbrekk for å vareta alle, og få alle fram til slutt, seier kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe til NRK.