Hopp til innhold

Vurderer fleire framsyningar

Trøndelag Teater vurderer å spele Les Misérables lenger enn først planlagt etter strålande kritikkar.

Stephen Brandt-Hansen (Enjolras) i Les Misérables ved Trøndelag Teater
Foto: Lasse Berre

Teaterkritikarane har vore samstemte og svært fornøgde med staben i Les Misérables på Trøndelag Teater.

Laurdag var det premiere, og terningane ser ut til å ha landa på same side. Terningkast seks i VG, Dagbladet og Trønderavisa. I tillegg får musikalen strålande meldingar både i Adresseavisen og Aftenposten.

4 000 billettar igjen

Billettane til årets storsatsing Les Misérables blei lagt ut for sal 5. desember. Dei forsvann veldig fort, og laurdag kveld var det vel 4 000 billettar igjen.

- Vi vurderte å sette musikalen opp fleire dagar når vi såg kor raskt billettane forsvann i desember, men den gongen hamna vi på at det blei for dyrt å gi Les Misérables lenger speletid, seier Sissel Grønli, som er sals -og infomedarbeidar ved Trøndelag Teater, til NRK Trøndelag.

 No er situasjonen ein annan, og teateret må gå ein ny runde, innrømmer Grønli.

- Det er fleire som meiner vi bør gå gjennom tala å rekne ein gong til, og sjå om det finst mulegheiter for at stykket kan spelast lenger.

Strålande kritikkar

Les Misérables er basert på romanen "De elendige" av Victor Hugo og er Trøndelag Teaters største oppsetnad nokon gong. 27  songarar/skodespelarar står på scenen, mens eit 12 manns musikkensemble sørgjer for tonefølgje frå orkestergrava.

 

Musikalvenner landet rundt, lei et fly og reis til Trondheim!

Dagbladet

 

Musikalen har blitt veldig godt mottatt av publikum, som har vore på prøvane, og med dei gode kritikkane frå teatermeldarane, trur Grønli billettsalet vil ta heilt av.

- Med det same eg såg oppslaget i Dagbladet, tenkte eg; Å nei, ikkje gjer dette, for vi har jo nesten ikkje billettar igjen, ler Grønli.

 

Barrikaden - Les Misérables ved Trøndelag Teater
Foto: Lasse Berre