Hopp til innhold

Vurderer å anke seks års fengsel

– Han visste at dommen kunne bli streng, og tar dommen om seks års fengsel med fatning, seier forsvararen for 25-åringen som er dømt for å ha framprovosert abort hos ei gravid kvinne.

Forsvarar Tore Angen

Forsvarar Tore Angen veit ikkje om 25-åringen vil anke dommen.

Foto: Elisabeth Skarrud / NRK

– Om vi skal anke, vil det handle om straffeutmålinga, seier Tore Angen, som er forsvarar for 25-åringen.

Seks års fengsel

Mannen vart tirsdag dømt til seks års fengsel i Sør-Trøndelag tingrett. Det er eitt år mindre enn det aktor, statsadvokat Kaia Strandjord, ba om.

Mannen må òg betale 200.000 kroner i erstatning til kvinna som vart påført abort.

Han var tiltalt for å ha blanda abortframkallande midler i drikken til kvinna slik at ho aborterte da ho var tolv veker på veg. Mannen var tiltalt etter paragraf 231, 232 og 245 i Straffelova, for å ha skadd kvinna og for å ha avbrote eit svangerskap under særleg skjerpande omstende og utan kvinnas samtykke.

– Framgangsmåten er nøye kalkulert og kynisk, meiner retten.

Vil gå nøye gjennom dommen

No har mannen to veker på seg til å avgjere om han vil anke dommen. Forsvarar Angen råda han til å ikkje vedta dommen på staden.

– No vil vi gå gjennom dommen nøye. Eg vil tru at han aksepterer erstatningssummen, som ligg på eit nivå vi meiner er riktig.

Det er straffeutmålinga, fengsel i seks år, det kan bli anka over.

– Vi var budd på ein streng dom, og dommen var såleis ikkje overraskande. Eg syns likevel det er litt for strengt, seier Angen.

Viktig med streng straff

Sigbjørn Oldren

Politiadvokat Sigbjørn Oldren representerte påtalemakta da dommen vart lagt fram.

Foto: Elisabeth Skarrud / NRK

Aktor, statsadvokat Kaia Strandjord, har tidlegare sagt at ho meiner det er viktig med streng straff i denne saka, for å hindre at nokon kopierer framgangsmåten.

25-åringen erkjente straffskyld i retten. Men først nekta han at han sto bak aborten, både overfor kvinna og i to avhøyr. Først da han fekk framlagt bevis, innrømte han å ha gjort det.

Politiadvokat Sigbjørn Oldren representerte påtalemakta da dommen vart lagt fram.

– Det verkar som om domstolen har tatt alvoret i saka inn over seg, seier han.

Det er ikkje klart om statsadvokaten vil anke avgjerda.

Forsvarer Tore Angen mener straffen for å ha framprovosert abort er for streng.

Forsvarer Tore Angen mener straffen for å ha fremprovosert abort er for streng.