Hopp til innhold

Sjåfør «la seg flat» etter farleg køyring. Men politiet kan ikkje bevise skuld

Videoen av vogntoget på vegen i Trøndelag vekte stor oppsikt då den vart kjent i januar. No er ein av sjåførane funne og avhøyrd. Men politiet kan ikkje bevise kven av dei to det var som køyrde.

Vogntog på feil side av veien

Vogntoget vart filma av passasjer i ein av bilane som køyrde bak i mange mil.

I minst sju mil på fylkesveg 17 mellom Høylandet og Kolvereid låg vogntoget midt på vegen eller i motgåande køyrefelt. Passasjeren i ein av bilane som låg bak, filma køyringa.

Rakk opp handa

Politiet vart kontakta over telefon av augevitne, men kunne ikkje rykke ut. I staden stoppa dei vogntoget litt seinare på dagen.

Ifølgje opplysningar NRK har fått, snakka dei to russisk og politipatruljen forstod ikkje så mykje. Men på spørsmål kven av dei to som køyrde vogntoget, rakk den eine i førarhuset opp handa. Han vart då sett på som «mistenkt». Namn og firma vart notert på begge. Dei fekk køyre vidare etter at politiet hadde slått fast at vogntoget var i teknisk god stand og at ingen hadde promille.

Kort tid etter la politiet bort saka fordi dei meinte at videoen ikkje ville halde som bevis i retten for at køyringa var uforsvarleg.

Det var ikkje Statsadvokaten samd i og i mars fekk politiet beskjed om å etterforske på nytt.

Vogntog på feil side av veien

Ein av vogntogsjåførane forklarer køyringa med dårleg ver-og føretilhøve.

Foto: Synnøve Kristine Ramstad / Privat

«Mistenkte» dukka opp igjen

Dermed måtte Nærøy og Vikna lensmannskontor freiste å finne att den forsvunne mistenkte.

Semi-traileren frakta laks i ei leigevogn utan logo. Ny etterforsking viste at transportfirmaet høyrer heime i Litauen, men namnet på sjåføren var ukjent for dei.

I byrjinga av juni opplyste etterforskningsleiar Kai Magne Rosendal til NRK at politiet ikkje hadde lukkast i å finne den mistenkte.

Dermed låg det an til at saka vart lagt bort, for andre gong.

I vinter opplyste folk til NRK at vogntoget køyrde ofte med laks i Kolvereidområdet. Og i slutten av juni dukka sjåføren opp igjen.

Eit nytt håp vart tent hos politiet.

«Dårleg ver- og føretilhøve»

26. juni vart mannen avhøyrt ved lensmannskontoret på Kolvereid.

– Han la seg flat. Det seier politiadvokat Charlotte Karlsen til NRK og viser til at sjåføren vedgjekk at køyringa ikkje var bra slik den framsto på videoen.

– Mannen viste til «dårleg ver- og føretilhøve.»

– Vedgjekk han at det var han som køyrde bilen på den aktuelle strekninga?

– Nei, problemet er at dei to skifta om å køyre på dei lange transportane. Kven av dei det var, då vogntoget vart filma, veit ikkje mistenkte, seier Karlsen.

Sidan politiet ikkje kan bevise kven som køyrde bilen, foreslår dei å legge bort saka igjen.

Den endelege avgjerda tek Statsadvokaten.

Sjåføren som ikkje rakk opp handa, er førebels ikkje observert på nytt i Namdalen.