Hopp til innhold

Vogntog på kryss og tvers på glatta – så tok brøytebilen fyr

Politiet køyrer frå den eine ulykka til den andre i Trøndelag. Også brøytebilen tok fyr då den var ute for å rydde snø av vegane.

Lastebiler med problemer på glatta i Storåsbakken på fylkesvei 65

STORE PROBLEM: Fleire store køyretøy har problem på glatta på fylkesveg 65 i Storåsbakken i Orkland.

Foto: John Storholt

Over heile Trøndelag står vogntog og lastebilar fast på glatte vegar. Trafikken hopar seg opp og dannar kø mange plassar.

– Vi har hatt eit jamt og travelt trykk utover føremiddagen, seier Ingvild Stabell Bredeland som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Også hos politiet har det gått slag i slag sidan klokka kvart på sju i dag tidleg.

– Vi har registert over 30 hendingar på det glatte føret. Det er litt over snittet for å seie det sånn, seier operasjonsleiar Ellen Maria Brende ved Trøndelag politidistrikt.

Bil har kjørt i grøfta på Bangsund i Namsos.

En bil har kjørt i grøfta på Bangsund i Namsos kommune.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Kjedekollisjon i Hemne

På E39 ved Borstad mellom Hemnekjølen og Vinjeøra er 5-6 bilar innblanda i ein kjedekollisjon. Politiet fekk melding om ulykka klokka 1400 mandag ettermiddag.

– To bilar har frontkollidert, mens to andre har køyrd av vegen. To personar er lettare skadd og det er store materielle skadar på bilane, fortel operasjonsleiar Brende.

Det er ifølgje politiet veldig glatt på staden

Vogntog i Storåsbakken

PÅ MED KJETTING: Sjåførane jobbar med å sko køyretøya sine for vinterføre i Trøndelag.

Foto: John J. Storholt

Bom fast i bakken

På fylkesveg 65 i Orkland blir det jobba på spreng med å få kjettingar på køyretøya.

– Føret er litt dårleg og ein del tyngre køyretøy har fått problem på strekninga. Det har også vore avgrensa med strøing fordi strøbilen fekk problem tidlegare i dag, seier innsatsleiar i politiet, Odd Håkon Bach.

NRK sin fotograf i Storåsbakken i Orkland fortel at fire vogntog og lastebilar står bom fast. To politipatruljar er på staden for å freiste å løyse dei trafikale utfordringane.

Svært glatt

Ikkje alle er like flinke å bruke kjetting ifølgje politiet.

– Det kunne ha vore betre, men vi ser at også mindre køyretøy hadde problem med å komme seg av garde i den svake hellinga, så det er veldig glatt, seier Bach.

Også tilsette frå Falck Veihjelp hjelper til i bakken.

– Entreprenørane er ute og driftar vegane så godt det let seg gjere, seier Ingvild Stabell Bredeland i Vegtrafikksentralen.

Litt lenger oppi bakken står endå fleire vogntog. Også der blir det jobba med å få skodd køyretøya. Også på fylkesveg 705 over Selbuskogen er det utfordringar.

– Det er glatt og skikkeleg vinterføre der, seier Bredeland.

Sjåfør i Storåsbaken,

STÅR FAST: Einar Morten Fløttum frå Soknedal ventar på at køen skal løyse seg opp.

Foto: John J. Storholt / John J. Storholt

Nærmar seg nullføre

Einar Morten Fløttum som er sjåfør for Nortura køyrer dyretransport. Han står i bakken og ventar på at køen skal løyse seg.

– Eg trur eg hadde komme opp, men det står tre-fire bilar lenger opp her, så eg tør ikkje anna enn å ha på kjettingar, så lenge eg står her, seier Fløttum.

Han reknar med det blir glattare utover ettermiddagen.

– Det er eigentleg greitt føre, men no begynner det å nærme seg nullføre og det snør såpass, det blir glattare av det, legg han til.

Førarhuset på brøytebilen er heilt utbrent.

USKADD: Føraren av brøytebilen kom seg ut av førarhuset då det begynte å brenn.

Foto: Edward Johansen Stenlund / NRK

Brøytebil tok fyr

Rett etter klokka 1100 tok ein av brøytebilane som var på vegen i Svorkbygda i Orkland fyr. Bilen stod midt på fylkesveg 6484 og politiet jobba på staden.

Føraren kom seg ut av bilen og er ikkje skadd, opplyser politiet. Vegen var stengt mens brannvesenet sløkte brannen.

– Sjåføren er litt lei seg. Det er jo ein typisk snødag, og no manglar de ein brøytebil. Sjåføren håper at det ikkje går utover kapasiteten til entreprenøren, fortel Leif-Harald Bremnes, brannsjef i Orkdal kommune og vakthavande innsatsleiar til Adresseavisen.

Brøytebilen tok fyr då den var ute for få unna snøen på trønderske vegar.

UTBRENT: Førarhuset på brøytebilen er heilt utbrent.

Foto: Edward Johansen Stenlund / NRK