Hopp til innhold

Vogntog hamna på taket – sjåføren omkom

Sjåføren døydde då eit vogntog kjørte utfor vegen og hamna på taket rett før midnatt søndag kveld. Ulykka skjedde på fylkesveg 770 i Nærøy. Sjåføren er ikkje identifisert enno, opplyser politiet.

Ulykke på fylkesveg 770

– Vi har ei aning om identiteten til den avdøde, og har starta ei form for forhåndsvarsling av dei vi trur er pårørande. Men vi har ikkje vore inne i bilen, og kan ikkje vere sikre enno, seier operasjonsleiar hos politiet i Nord-Trøndelag, Monica Ravlo.

Ulykka skjedde på Naklingsletta i Nærøy, mellom Kolvereid og Rørvik, og vart meldt klokka 2320.

Alle nødetatar rykka ut. Vogntoget har kjørt i retning Rørvik, og kjørt av vegen på venstre side. Det er snakk om eit norskregistrert kjøretøy.

Politiet er klokka 05 måndag morgon i ferd med å ta opp bilen, og trafikken blir omdirigert på staden.

Statens vegvesen opplyser klokka 06 at vegen kjem til å vere et stengt eit par timar til.

Klokka 09 er vegen framleis stengt. Det er venta at veien kan åpne litt ut på formiddagen, og det er skilta omkjøring så lenge, opplyser Statens vegvesen.