Katerina Neumannova frå Tsjekkia vann kvinnenes 10 kilometer fri teknikk i ski-VM framfor Julia Tsjepalova.
Marit Bjørgen sikra seg ein bronse og var svært nøgd med den etter rennet.
- Eg gjekk to jamne rundar og veldig fort på slutten. I tillegg hadde eg utruleg gode ski. Eg hadde frykteleg lyst på ein medalje og fekk beskjed om at eg låg godt an undervegs, seier Bjørgen til NRK.
Bonusmedalje
For Marit Bjørgen er bronsen god å ta med seg vidare i meisterskapen. Å bli slått av Neumannova og Tsjepalova ser ho ikkje på som noko nederlag.
Svein Tore Samdal (Foto: NRK)
- Det er to gode løparar som har slått meg, men eg er fornøgd med løpet mitt. Eg kunne sjølvsagt tenkt meg å vere nærmare Neumannova enn 15,2 sekund, men det er godkjent, seier Bjørgen.
Også trenar Svein Tore Samdal er fornøgd.
- Eg er enormt glad. Marit var veldig nervøs før start og dette er ein bonusmedalje som vi ikkje hadde rekna med, seier Samdal til NRK.
Kristin Mürer Stemland frå Byåsen blei nummer 23, mens Kine Beate Bjørnaas frå Meråker blei nummer 26.