Hopp til innhold

Kommunen visste ikkje at det var dyr i fjøset

Landbruksforvaltninga i Midtre Namdal visste ikkje at det var dyr i fjøset på Jøa før det vart oppdaga at alle var døde.

Henter ut døde kyr på Jøa

Dyra vart henta ut og begravd ikkje langt unna fjøset.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Det skriv Trønder-Avisa.

– Mjølkekvoten var seld, og bonden hadde ikkje søkt om produksjonstilskot, fortalde Oddbjørn Riseth, som er leiar for miljø- og landbruksseksjonen i Midtre Namdal samkommune.

Prøvde å få kontakt

Han orienterte landbrukspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Knut Storberget, om saka da han var på besøk i Overhalla tidlegare denne veka.

– Kommunen var usikker på kva som foregjekk på garden, sa Riseth. Landbruksforvaltninga prøvde å få kontakt med bonden fleire gonger, utan å lykkast.

– Vi var uroa. Ikkje for dyra i fjøset, men for bonden. Derfor meldte vi frå til helsevesenet dagen før dyretragedien vart avslørt, sa Riseth.

Grunnen til at dei var uroa, var at søknaden om produksjonstilskott, som skulle ha blitt sendt i januar, uteblei.

Det var i midten av mars at det vart oppdaga at 92 dyr låg utmagra og døde inne i fjøset på garden i Fosnes. Det skal ha vore bondens livssituasjon som har gjort at dyra ikkje fekk mat, og svalt i hel.

Vil ha system som kan avdekke vanstell

Riseth seier til Trønder-Avisa at han er sikker på at det vil skje dyretragedier i norske fjøs igjen, særleg hos bønder som driv med sau eller kjøttproduksjon der det ikkje kjem mjølkebil eller andre aktørar inn på garden.

No tek han til orde for eit nasjonalt prosjekt som skal gjere forvaltninga i stand til å avdekke vanstell før det blir ein tragedie.

– Kanskje kan det skje gjennom overvaking av data som allereie står i forskjellige register, seier Riseth til avisa. Han vil ta kontakt med Mattilsynet for å diskutere eit slikt prosjekt.

– Hos bønder med husdyr blir det født, slakta og seld livdyr. Alt dette skal registrerast i husdyrregisteret hos Mattilsynet, seier han, og meiner at dette kan samanhaldast med registra hos fôrleverandørane og bankane.