NRK Meny
Normal

– Vent med å legge om til sommardekk

Trudde du vinteren var over? Det er best å la vinterdekka stå på i alle fall ut april månad. Torsdag ettermiddag lavar snøen ned fleire stader i Trøndelag.

Snøfall i Steinkjer

Snøfall i Steinkjer i slutten av april. Fleire bilistar har fått problem med snøslaps.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Det skal litt til før snøen legg seg i vegbanen, men nokre stader er det problem, seier Anita Berglund hos Vegtrafikksentralen i Trondheim.

På fylkesveg 705 mellom Stugudal og Brekken er det vind, så det fyk snø inn på vegen.

Også på Fosen er det nokre vegar med slaps.

Vegtrafikksentralen har fått melding om fleire bilar med problem på snøføre over Osenfjellet.

– Folk har lagt om til sommardekk, men det er nok lurt å lytte til meteorologane som har sagt at ein bør vente månaden ut med å legge om. Det er meldt snø i lufta i fleire dagar framover, seier Berglund.

– I Namdalen er hovudvegane stort sett bare, men ein bør nok ha vinterdekk om ein skal ut og kjøre, seier ho.

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal