Hopp til innhold

Ville drepe mann med øks for å kome i fengsel

Med øksa gøymd i den eine armen, gjekk tiltalte rundt i Trondheim sentrum på jakt etter eit tilfeldig offer han ville drepe. I dag sa 25-åringen seg skuldig i drapsforsøk då rettssaka starta i Sør-Trøndelag tingrett.

Øksa tiltalte ville angripe eit tilfeldig offer i Trondheim med

Dette er øksa tiltalte ville drepe eit tilfeldig offer i Trondheim med.

Foto: Politiet

Mannen er erklært strafferettsleg tilrekneleg. Men forsvarer Frode Wisth har likevel kalla inn fire psykologar og ein psykiater for å høyre nærare om korleis dei vurderer tiltaltes psykiske tilstand.

Det var 18. november i fjor at mannen tok tog fra Oppdal til Trondheim. Med seg hadde han ei øks og ein kniv og hadde bestemt seg for å drepe ein tilfeldig person, har han forklart til politiet etterpå.

Bilder fra overvåkingskamera.

Bilete frå overvakingskamera viser at tiltalte var ved Nidarosdomen klokka 22:40.

Foto: Nidarosdomen: Overvåkningskamera

Fanga opp av fleire overvakingskamera

I Sør-Trøndelag tingrett presenterte aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, fleire bilete av tiltalte, fanga opp av overvakingskamera i Trondheim sentrum. Ved Nidarosdomen var tiltalte klokka 2240. Øksa gøymde han i den eine arma. Han hadde også med seg to hundar.

Før tiltalte følgde etter og overfall ein mann på Lade, hadde han sett seg ut tre andre tilfeldige offer, opplyser aktor i retten. Overfallet på Lade skjedde klokka 0150 natt til sundag 19.november.

Den fornærma 38-åringen vart slått med øksa i bakhovudet og fekk eit fem centimeter kutt. Men han greidde å kome seg heim ved eiga hjelp. Den no tiltalte melde seg like etter sjølv for ei politipatrulje i byen og fortalde kva han hadde gjort. Men politiet fann ingen skadd person på åstaden. Først ut på sundagen melde fornærma seg for politiet etter å ha sett at dei etterlyste personen gjennom media.

Område på Lademoen i Trondheim der en mann skal ha slått en annen mann med øks

I dette området på Lademoen i Trondheim slo mannen i 20-årene en mann i 30-årene i hodet med ei øks. Deretter gikk mannen i 20-årene til politiet og leverte øksa og meldte seg,

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Overførte store pengesummar til kvinne i Oslo

25-åringen er også tiltalt for fleire tjuveri av pengar, rifle og ammunisjon, totalt omlag 100.000 kroner. Eit av vitna for forsvaret er ei kvinne som tiltalte skal ha overført fleire store pengebeløp til i løpet av dei siste par-tre åra, opplyste aktor i retten.

Per Morten Schjetne og Frode Wisth

Forsvarer Frode Wisth (til venstre) og aktor Per Morten Schjetne.

Foto: Kari Sørbø / NRK

38-åringen som vart overfallen hugsar lite av hendinga. Han ønskjer ikkje å møte overfallsmannen sin i retten. Derfor må tiltalte sitte i eit anna rom, mens den fornærma forklarer seg.

Bistandsadvokat Vibeke Meland spør fornærma kvifor han ikkje vil møte mannen som slo han ned.

– Eg hadde vorte ganske utpsyka og stressa dersom han sat her no, svarer fornærma. Som kkje har fortalt til så mange kva han opplevde, men er glad for at han ikkje fekk varig hjerneskade.

– Heldigvis hugsar eg lite

Den fornærma sa i retten måndag at han kan ha sett gjerningsmannen ved Solsiden. Han meiner å hugse at det var «noko som skremte han» ved personen, utan at han kunne vere sikker på observasjonen.

Mannen i 30-åra var på veg heim til Lade etter ein tur på byen, der han hadde drukke ein del alkohol. Minnet om kva som skjedde, sluttar nokre hundre meter frå åstaden.

Per Morten Schjetne

Aktor statsadvokat, Per Morten Schjetne, og bistandsadvokat Vibeke Meland i retten mandag formiddag.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ifølgje Google maps har fornærma lege på åstaden i seks minutt før han har teke seg heim. Det neste han hugsar er at han vaknar opp heime hos seg sjølv i ei blodig seng og med sterk hovudverk.

Sidan både pengebok og mobil var på plass, rekna den fornærma med at han hadde ramla. Først då han såg eit overvakingsbilete av seg sjølv publisert i media, forstod han at det kunne vere han som var offeret for brotsverket.

I retten sa fornærma at han er glad for at han hugsar lite med tanke på at det var snakk om eit økseåtak. Han hadde smerter i fleire veker etter åtaket som gjekk hardt inn på han.

Då han fekk brev frå politiet om at det var oppretta sak for "drapsforsøk" på han, forstod han kor heldig han hadde vore, fortalde han i Sør-Trøndelag tingrett måndag.

Forsvarer Frode Wisth opplyser i retten at tiltalte har bede han om å seie "unnskuld" til den fornærma.

Lånte bort 300.000 kroner

Den tiltalte 25-åringen fortalde måndag ettermiddag om korleis han meiner han vart lurt til å sende fleire hundre tusen kroner til ei jamnaldrande kvinne i Oslo. Dei møttest via ei hundegruppe på Facebook i 2014. Då hadde tiltalte lenge leita etter kva han ville med livet sitt, sa han i retten.

Kvinna fortalde at ho hadde ein unge, at ho jobba i Forsvaret og seinare at ho hadde fått kreft og trengte pengar til operasjon.

– Eg kan ikkje hugse så mykje av kva eg sa då, sa kvinna i videoavhøyr frå Oslo tingrett måndag. Ho fortel at ho var sterkt ruspåverka i den tida og at ingen ting av det ho fortalde om livsituasjonen sin var sant.

I følgje kontoutdrag skal tiltalte ha overført rundt 300.000 kroner til kvinna frå 2014 til 2016. Kvinna er i dag rusfri, men tiltalte har meldt henne for bedrageri. Kvinna sa i retten at ho såg på pengane som stort sett gåver, ikkje lån frå tiltalte.

Kvinna kutta kontakten med tiltalte etter at han hadde stole pengar ved eit innbrot i heimbygda.

Då vart tiltalte meir og meir likegyldig til kva som skjedde.

– Eg må rett og slett kome meg inn i fengsel

Trass i at tiltalte jobba, hopa dei økonomiske problema seg opp. I halvtanna år var han plaga av tankeforstyrringar, depresjon og tunnellsyn, fortel han i retten. Løysinga hans var å gjere noko så han kunne kome seg i fengsel.

Helga før han drog til Trondheim innsåg han at gjelda tynga han slik at han ikkje ville greie å "halde opp fasaden" lenger.

Før han trefte 38-åringen som vart offeret, møtte tiltalte tre andre tilfeldige personar som han vurderte å angripe denne laurdagskvelden.

Den første var ein joggar ved Nidelva, den andre ein person ved Trondheim torg og den tredje ein som klappa hundane tiltalte hadde med seg. Men alle desse tre såg tiltalte andletet på:

– Då vart dei menneskeleggjorte og då greidde eg ikkje å slå, seier tiltalte i retten der han fortel klart og samanhengande utan mange spørsmål frå partane.

– Trudde eg hadde tatt livet av han

Om åtaket på Lade fortel 25-åringen at han følgde etter mannen frå Solsiden.

– Eg såg det var ein sjanse for at eg kunne ta han. Eg var heilt tom. Ingenting betydde noko lenger.

Han fortel at han hugsar mannen datt framover, rett i gata og vart liggande.

– Eg trudde eg hadde tatt livet han, seier tiltalte.

Aktor Per Morten Schjetne spør om målet var å drepe mannen.

– Ja, det var jo det, men i ettertid er eg jo glad for at han overlevde og skulle gjerne bede han om orsaking andlet til andlet, svarer tiltalte. Han kallar det han gjorde for "ei desperat og sinnsjuk alvorleg handling".

På spørsmål frå aktor om det var aktuelt å drepe ei kvinne og ikkje ein mann denne kvelden, svarer tiltalte at han aldri kunne tenkje seg å angripe ei kvinne. Heller ikkje barn eller eldre.

Han sa i retten at han aldri har brukt vald mot andre personar før og at han svært sjeldan rører alkohol. Også denne laurdagskvelden var han edru.