Hopp til innhold

Villaks med steikte grønsaker

Radiokokk Inge Johnsen og Tron Soot-Ryen steiker kilnotfanga villaks på garden Frøset Østre i Trondheim.

Villaks rett fra fjorden.
Foto: Inge Johnsen / NRK

 - Dette er ein åtte kilo tung laks som er tatt på kilnot, ein metode som er brukt her i landet sidan 1870-talet, seier Arnt Frøseth.

 - Dette trur eg blir veldig bra. Det er ekstra stas med villaks, seier radiokokk Inge Johnsen.

Laks i form

Villaksen blir delt i filetar og kokkesjef på garden Frøset forklarar radiokokken kva som står på menyen.

- I dag skal vi lage laks i panne. Den kan enten steikast i ovnen eller på bålet, seier Kirsten Frøseth.

Samstundes er Inge Johnsen alt i gang med potetene og Kirsten skrellar løk. 

- Vi skal ha råpoteter med skall til fisken, seier Johnsen.

Lagvis i forma

Legg potetene, gulrøttene og løken i panna med litt olje.

- I tillegg kan du variere med dei grønnsakene du har for handa, seier Kirsten Frøseth.

- Eg syns det er godt å frese litt friske urter saman med grønnsakene. Det syns eg gir mykje smak til retten. Også kvitløk set veldig god smak, seier Johnsen.

Smør gir god smak

Ifølge oppskrifta til Kirsten skal det vere ein god klump med godt smør for å få rett smak på fisken. I tillegg er det godt å putte oppi stangselleri.

- Når dette har fått mørna seg godt i panna og potetene er nesten ferdige, legg eg på fisken og set lokk på panna. Eg brukar å ha litt salt og sitronsaft på fisken, seier Kirsten.

Ho legg til at det ikkje tek lange stunda før fisken er ferdig.

- Det tek toppen fem-ti minutt før laksen er ferdig, seier Kirsten. 

Legg fisken og grønnsakene på tallerken og pynt med rømme, kesam eller creme fraishe på toppen.