Hopp til innhold

Villa Elverheim skal rivast

Ingen vil overta Villa Elverheim i Steinkjer. Bane Nor kjøpte den verneverdige villaen i 2017 for å stenge ein farleg jernbaneovergang like ved. Dei forsøkte å gje vekk villaen gratis, men til ingen nytte. No er det bestemt at jugendvillaen skal rivast. Det melder Steinkjer-avisa.