Hopp til innhold

Vil sikre Magneten betre

Politiet og leiinga ved Magneten kjøpesenter i Levanger vil betre tryggleiken etter innbrotet i helga.

Innbrudd Magneten, Levanger
Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK

Leiar ved Magneten kjøpesenter Lars Heirsaunet har i dag vore i møte med politiet for å diskuterer korleis tryggleiken ved senteret kan bli betre.

- Det var ingen triveleg dag på jobben, verken i går eller i dag, seier Heirsaunet til NRK Trøndelag.

Les også: Skar seg gjennom seks vegger

Godt planlagt

Det var reinhaldarane som kom på jobb søndag som oppdaga at nokon hadde tatt seg inn i kjøpesenteret. Tjuvane slo seg gjennom seks veggar før dei opna og tømte det fulle pengeskapet på Magneten.

- Det er mykje etterforsking igjen og vi har ingen mistenkte i kikkarten, seier etterforskingsleiar ved Levanger lensmannskontor, Tor Klevmo, til NRK Trøndelag.

Erfarne tjuvar

Politiet veit ikkje kor mange som var med på innbruddet og ønskjer tips frå publikum som kan ha sett eller høyrd noko mistenkeleg i Levanger i løpet av helga.

- Dette er folk som kan faget sitt. Vi snakkar om ein planlagt aksjon og det er ingen førstereisgutar som har gjort dette innbrotet, seier Klevmo. 

Han legg til at Levanger lensmannkontor no sjekkar med andre politidistrikt som har opplevd innbrot i nattsafen for å samordne og utveksle informasjon.