Hopp til innhold

Vil overbevise regjeringa med film

Ordførarane i Oppdal, Rennebu og Midtre-Gauldal går nye vegar for finansiering.

Illustrasjon

Illustrasjon

Foto: Statens vegvesen

- Vegen bør oppgraderast no. Vegstandaren vert for dårlig i høve til dagens trafikk, seier sjåfør Rune Aftreth.

Nye virkemidlar

Historia om gamle smale bruer og slitte vegar har dei tre ordførarane lagt fram for Stortingspolitikarane ein gong allereie. No forbereder dei seg på ein ny tur til Oslo. Men denne gongen skal dei lage film for å dokumentere elendigheita.

Ordføraren i Rennebu er brennsikker på at trafikkauka er så stor at det hastar med å få pengar på bordet. Dei tre kommunane langs E6 mellom Trondheim og Oppdal står saman om dette.

Må hende no

- Det går mykje tungtrafikk her. Ingen har lager lenger. Varene er alltid på vegen, seier ordførar i Rennebu kommune Bjørn Rogstad (H).

E6 gjennom dei tre kommunane er i dårlig stand. Dei tre ordførarane krevjar at noko hender no.

- Vi har dei største ulukkesbelastning i heile Sør-Trøndelag på denne strekninga. Og det er ikkje så rart når du ser på standaren, seier Rogstad.

Aktuelt med bompengar

Målet er å få auka løyvingar. Men det er mange om beinet når det gjeld vegfinansiering. Difor er ordførarane villige til å finansiere det meste med bompengar.

- Vi ville helst hatt stamveg utan bompengar, men mange vi må gjere som dei andre om vi vil ha vegen, seier Rogstad.

Sjå saka her