Illustrasjonsfoto. (NRK)
I Trondheim blir mange ungdommar under 18 år spurde om dei vil selje sex. Det viser ein rapport frå Kirkens Bymisjon, som blei kjent måndag.
Jenter og gutar heilt ned i 14-årsalderen bytter sex mot alkohol, pengar og mobiltelefonar. Rapporten blir lagt fram for formannskapet i Trondheim tysdag. Kommunalråd Kristian Dahlberg Hauge fekk kjennskap til innhaldet i går.
- Rapporten er sterk lesing og dessverre er det meir og meir av dette også her. Eg trur vi må innsjå at Trondheim er ein storby og at vi har fått dette problemet også her, seier Hauge til NRK Trøndelag.
Mange vil kjøpe
Mykje av sexhandelen skjer på Trondheim Torg. (Foto: NRK)
Rapporten viser at mange ønskjer å kjøpe sex av ungdom under 18 år. Både jenter og gutar sel.
Trondheim har ikkje eit utprega horestrøk, men Trondheim Torg peiker seg ut som eit område der ungdom blir spurde og der enkelte sel sex.
Ungdommane fortel om menn som tek kontakt med 14 år gamle jenter som heng på Trondheim Torg med spørsmål om dei vil selje sex.
Internett blir også brukt for å formidle prostitusjon.
Vil ta tak i problemet
I dag blei rapporten presentert på formannskapsmøtet i Trondheim, og politikarane lovde å ta tak i problemet.
- Vi må vise at dette er ei sak vi ønskjer å sette fokus på. Saka har mange aspekt og vi må vise at dette er noko vi ønskjer å følgje opp og at vi vil hjelpe dei barna som er ramma av sexindustrien, seier Dahlberg Hauge.
Aase Sætran Hovland frå Arbeiderpartiet synst også at rapporten var sjokkerande lesing.
- Rapporten viser ikkje at dette er vanleg i Trondheim, men barneprostitusjonen har likevel eit større omfang enn eg trudde, seier Hovland.
Unge og gamle horekundar
Det er stort sprang i alder på mennene som tek kontakt med ungdommane. Dei er frå 20 til 60 år, og det kan sjå ut til at utanlandske menn er overrepresenterte blant horekundane.
Det er særleg ungdom som sjølv har vore offer for seksuelle overgrep og omsorgssvikt som er utsette for å prostituere seg.
Rapporten viser at mange av møta blir avtalt over Internett, og dei seksuelle handlingane skjer mange ulike stader.
Illustrasjonsfoto: NRK