Hopp til innhold

Vil heve tysk jagarfly neste år

Eit tysk jagarfly, som styrta under krigen i Ytre Namdal, kan bli heva i løpet av neste år.

Video nsps_upload_2009_8_14_10_53_7_2238.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

– Flyet er nesten komplett, med unntak av ei cockpithette som blei kasta av under nødlandinga, seier konservator Birger Larsen ved Norsk luftfartsmuseum i Bodø, til NRK.

Norsk luftfartsmuseum har sikra seg eigarrettane til det tyske flyet frå 2. verdskrig. Flyet ligg i sjøen nord for Vikna i Nord-Trøndelag.

– Vi håper å få heva det i løpet av neste år, seier Larsen.

Dykkarar fann flyet

Flyet er av typen Messerschmitt Bf 109 og var ein relativt vanleg flymodell under 2. verdskrig. Etter at det styrta i 1943 har det blitt leitt etter flyet i mange år.

Artikkelen held fram under bildet.

Messerschmitt 109

Messerschmitt 109.

Foto: Jan Gulliksen / NRK

Det var dykkarar frå Folla dykkerklubb som fann vraket i sommar. Dei hadde leitt etter flyet i mange år. Vraket ble funne med ein miniubåt, og stemninga var stor då vraket dukka opp.

– Det var vanvittig, det blei heilt stille i to sekund. Etter det braka det laus, sa Hilfred Mikalsen i Folla Dykkerklubb til NRK Trøndelag i sommar.

Planlegginga i gang

Då jagarflyet styrta, var det på veg nordover på rekognosering saman med to andre maskiner. Over Rørvik fekk det motorproblem.

- Det stupte, men piloten greidde å rette det opp før det tok vassflata. Han kom seg ut og blei reddet av ein kvinne som budde på ei øy i nærleiken, fortel Mikalsen.

Til våren startar museet planlegginga av redningsaksjonen.

– Vi har laga ein førebels arbeidsplan for april og mai neste år, men er tidleg i prosjektet og har ikkje snakka med alle dei involverte enno, seier Larsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.