Hopp til innhold

Vil halvere talet bjørnebinner

– Ikkje Fylkesråden sin jobb å bestemme kvoter, rasar Naturvernforbundet.

Bjørn, Namsskogan familiepark
Foto: Jonas Olsen

Johannes Sandstad (KrF) er Fylkesråd for miljø i Nord-Trøndelag. Han vil halvere talet på ynglande bjørnebinner i Indre Namdal frå fire til to.

No har forslaget fått plass i ei uttaling til revidert plan for forvaltning av dei store rovdyra.

Fagmiljøet har ikkje kontroll

Sandstad er bekymra fordi han meiner ingen har tal på kor mykje bjørn som er i området.

- Om vi spør nokon i fagmiljøet, så får vi til svar at dei ikkje veit, seier Sandstad.

Styreleiar i Naturvernforbundet i Nord-Trøndelag Per Flatberg er ikkje imponert over forslaget.

– Om ein er ueinig i rovdyrpolitikken får ein ta det opp direkte med politikarane og departementa. Det er ikkje nemnda si oppgåve å foreslå endringar i vedtaka.

- Talmagi

Flatbeg har ikkje tiltru til statistikken til Fylkesråden. Han meiner det meste av bjørnen som har vore her har vandra over frå svensk side, og at det er færre av dei i år.

- Eg tek forslaget med ei klype salt. Det ein veit frå DNA undersøkinga som er gjort er at bjørnen som var i området i fjor var frå Sverige. Det er færre skader av bjørn i området i år enn i fjor.

Men Flatberg meiner dei må ha bebuarane sine interesser i høgsetet.

-Det skulle berre mangle om vi som politikarar påpeiker at det er nok bjørn. Det er vi som må passe på at bestanden ikkje vert for stort i høve til folketalet.