NRK Meny
Normal

– Dette ville vere prikken over i-en for oss

Trass i at styresmaktene tidlegare har sett ned foten, søker Oppdal Skisenter no på nytt om å få tilby snørekjøring til toppen av fjellet Blåøret.

Snørekjøring til Blåøret

Snørekjøring til Blåøret var ein veldig populær aktivitet fram til det vart forbudt.

Foto: Oppdal skisenter

Arnulf Erdal

Arnulf Erdal, dagleg leiar ved Oppdal Skisenter.

Foto: Torjus Kleiven Kandal / NRK

Skisenteret kjørte slike turar både frå Vangslia og frå Stølen til toppen av Blåøret i fleire år, før det vart slutt i 2004.

Snørekjøring vil seie at turistane fekk henge etter tråkkemaskina opp til fjelltoppen Blåøret.

Denne turen er på mellom to og tre kilometer.

Denne kjøringa vart stoppa i 2004, med heimel i lov om motorisert ferdsel i utmark. Oppdal kommune ville nokre år seinare gi skisenteret lov til å ta opp igjen kjøringa, men da var det Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Direktoratet for naturforvaltning som sette foten ned.

– Mange saknar snørekjøringa

No vil Arnulf Erdal, dagleg leiar for Oppdal skisenter, finne ut om kommunane har fått friare rammer sidan sist saka vart prøvd.

– Vi har sendt ein heilt open søknad til kommunen, for å sjå om vi kan få igjen løyvet vårt til å kjøre skifolk opp til Blåøret. Mange har spurt om vi ikkje kan starte opp igjen, og vi har lyst til å tilby dette i anlegget vårt, seier han.

Erdal presiserer at det ikkje er snakk om dagleg kjøring, men i feriar og helgar.

– Dette produktet ville vere prikken over i’en i anlegget vårt, seier han.

– Aldri ulykker

Før det vart stopp i 2004, hadde skisenteret hatt snørekjøring til Blåøret i 20 år.

– På det meste drog vi innover mellom 100 og 200 turistar på ein laurdag. Det skjedde aldri ulykker, seier Arnulf Erdal.

Eit biprodukt av snørekjøringa var ei godt preparert løype frå Vangslia og frå Stølen, der folk kunne gå på ski.

– Denne løypa er det også mange som saknar, seier Erdal. Han håper at det kan vere muleg å vere i gang med snørekjøring frå neste skisesong.

Kommunen lovar å sjå på saka

Eli Grete Nisja, fagansvarleg for miljø i Oppdal kommune, stadfester at kommunen har fått søknaden.

– Vi har ikkje starta handsaming av han enno, men vi er i utgangspunktet positive til initiativet frå skisenteret. Om det er muleg, vil vi gjerne legge til rette for slik aktivitet, seier ho.

– Det som slo meg da eg såg søknaden, var at det kan vere aktuelt å handsame dette i samband med revisjon av kommuneplanen, seier Nisja.

Utsikten mot Trollheimen fra Blåøret (1605 moh) i Oppdal.

Frå fjellet Blåøret (1605 m.o.h.) i Oppdal, kan ein sjå langt innover i Trollheimen. Turane med tråkkemaskin til toppen av fjellet var svært populære. Dersom skisenteret får det som dei vil, kan det på ny bli slike turar inn til den flotte fjelltoppen.

Foto: Åsmund Loe


Kommunen må òg ta omsyn til reindrift, anna friluftsliv i området, samt miljøinteresser.

– Vi må gjere ei vurdering her, og lovar å sjå på saka, seier Nisja.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.