Hopp til innhold

Vil hindre at fleire hubroar flyr inn i døden

Med eit vengjespenn på nesten 2 meter kan det vere vanskeleg for hubroen å navigere seg mellom høgspentleidningar. Straumgjennomgang er faktisk den vanlegaste dødsårsaka blant hubro.

Hubro

Slik ser det ut når ein hubro sett seg på ei mast. Dersom vengjene treff to av straumlinjene vil det gå straum gjennom fuglen.

Foto: Jan Ove Gjershaug

– Det er den vanlegaste, kjente dødsårsaka blant vaksen hubro, seier Martin Pearson, veterinær på Hitra.

Han forklarar ordet "elektrokusjon", som for eksempel betyr at når hubroen sine vengjer treff to straumlinjer på ein gong – kortsluttar det og hubroen fell død til bakken. Hubroen sett seg på mastepunkta fordi dei er godt eigna som utkikkspunkt, særleg i eit flatt landskap. Når dei då landa eller letta så kan vengjene vere for store i forhold til avstanden mellom straumlinjene.

– Ein hubro sitt vengjespenn kan komme opp i 180 cm, medan avstanden mellom straumlinjene kan vere 150 cm, seier Pearson.

Har innsett at det er eit problem

Hubroen er svært utrydningstruga i følgje Norge si raudliste, og derfor er det viktig å sikre desse kritiske mastepunkta. Ein tok ikkje særleg omsyn til dette før, og derfor er gamle master eit problem. No har arbeidet med å sikre desse begynt over heile landet.

– Trønderenergi Nett har no teke ansvar for å sikre linjenettet sitt, slik at det ikkje skal ha uønskt effekt på faunaen, seier Pearson.

Hubro funnen død på Hitra.

Her er masta som vart døden for ein hubro på Hitra.

Foto: Martin Pearson

Isolering, sittepinnar og leidningar i bakken er blant løysingane som har blitt brukt til no. Både Pearson og Norsk Ornitologisk Forening har pressa på at ein skal byrje med dette arbeidet, særleg etter at ein hubro vart funnen død under eit mastepunkt i fjor.

– Det er nok mange slike kritiske punkt rundt om i landet, og det er viktig at mastene som står i hubroområdet blir forma ut på ein sikrare måte, seier Martin Eggen, naturvernrådgivar i Norsk Ornitologisk Forening.

Damene er mest utsett

Pearson kan bekrefte at området kor dei fann ein død hubro i fjor, allereie er sikra. Han har vore med Trønderenergi Nett på synfaring for å velje ut kva andre område som må sikrast.

– Det er ikkje så mange hekkande hubroar igjen i Norge, og det er spesielt kritisk viss ein i eit produktivt par døyr, fortel Eggen.

Død hubro på Hitra

Denne hubroen vart funnen død på Hitra i fjor, og dødsårsaka var høgst truleg straumgjennomgang.

Foto: Martin Pearson

Nokon hubroar får fleire ungar enn andre og dersom hoa fell ifrå kan det ta år før ho blir erstatta, nettopp fordi det er så få av dei. Hoa er også større, og har dermed lettare for å treffe straumleidningane. Pearson og Eggen er veldig glad for at Trønderenergi Nett no tek ansvar, men trur det vil ta tiår før alle områda i Norge er sikra.

– Eit linjestrekk i Norge har ei maks levetid, så når dei må fornye mastene vil dei forhåpentlegvis bygge dei for å hindre uønskte hendingar, seier Pearson.