Hopp til innhold

Vil ha opprydding av gruveanlegg

Myndigheitene vil no ha ei oppryddingsplan for Killingdal Gruber sitt utskipingsannlegg i Trondheim. Området er sterkt forureina.

Killingdal Gruber sitt utskipingsanlegg i Trondheim
Foto: Magnar Brandseth / NRK

 - Vi vurderar forureininga frå anlegget som alvorleg, seier Eli Vike i Statens forureiningstilsyn.

Det er SFT som no ønskjer opprydding av området i Fagervika, og har difor tilbydd seg å vere med å betale for oppryddinga. Det kjem fram i eit brev dei sendte til Jernbaneverket og Trondheim kommune.

 Sterkt forureina

Killingdal Gruber hadde både opprednings- og utskipingsanlegg her fram til 1986.

Det var svovelkis og koparmalm som vart behandla, og området er altså i dag sterkt forureina.

Tidlegare miljøgranskingar har påvist høge konsentrasjonar av arsen, kopar, bly, sink og i tillegg blant anna kvikksølv og kadmium. I brevet frå Statens forureiningstilsyn reknar dei med giftig avrenning i 140 år - om ikkje noko blir gjort.

Forureina område i Fagervika i Trondheim

Området er sterkt forureina, i tillegg til tungmetall som kvikksølv, ligg det også lett synleg skrot.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Kommunen glad for initiativet

- Eg er nøgd og gledeleg overraska over at vi har fått eit brev med initiativ frå SFT, slik at vi kan komme igang med ei tiltaksplan, seier direktør for Trondheim Byteknikk, Bjørn Ekle, og antydar at han synest kommunen har venta lenge på SFT i denne saka. Han vil no foreslå pengar på budsjettet til tiltaksplan, og håpar SFT blir med vidare:

- Når dei no seier ja til å vere med på ei tiltaksplan, så håpar eg at dei vil vere med på oppryddingstiltak også. Det er oppryddinga som kostar.