Hopp til innhold

Krev at noko blir gjort mot ufrivillig deltid i helsesektoren

Arbeidarparti-ordførar i Malvik Ingrid Aune, har sett i gang eit opprop frå kommunane i landet, for å få fleire helsearbeidarar over i fulle stillingar. Arbeidet med å bli kvitt ufrivillige deltid for denne yrkesgruppa står stille.

Ordfører Ingrid Aune i Malvik kommune

Ordførar i Malvik Ingrid Aune, meiner KS ikkje må gløyme heiltidsutfordringa i helsesektoren i kommunane, men spele det tungt inn i samtalar dei skal ha med regjeringa i vår.

Foto: NRK

Malvik er ein kommunar som har fått fart i arbeidet med å få fleire inn i heiltidsstillingar i helsesektoren.

Ordføraren har ikkje minst vore ein pådrivar i denne saka på heimebane.

Må løftas opp i samtalar med regjeringa

Da Ap-ordføraren i trønderkommunen vart bede om å komme med innspel til to konsultasjonsmøte Kommunanes Sentralforbund skal ha med ei samla regjering, både 5. mars og 20. april, i arbeidet mot statsbudsjettet for neste år, var ho overraska over at spørsmålet om å få bukt med ufrivillig deltid i helsesektoren ikkje var blant dei viktigaste sakene KS tenkte å ta opp.

Da vart ho forundra. Så tenkte ho at ho måtte gjere noko.

Ei av dei viktigaste oppgåvene i kommunane

– Eg meiner det var påfallande at kanskje ei av dei største utfordringane i kommune-Norge ikkje var løfta fram som viktig å ta opp, i desse møta med ei samla regjering.

Ingrid Aune byrja ringe og kontakte ordførarar andre stader, også i dei store byane, og gjennom kontaktane fekk ho det svaret at alle meinte saka måtte løftast fram.

Viktigare enn snorklipping, men vanskelegare

Ingrid Aune seier til NRK Trøndelag at ho meiner ordførarar må vere villige til å arbeide for å få gjort noko med ei sak som kan synast som eit isfjell å prøve seg på for mange.

Det er stort og mange går rundt problemet, fordi dei veit det krev mykje arbeid å få til endring, og at det er snakk om tid og krefter for å løyse denne utfordringa.

– Det er vanskelegare enn snorklipping, resultata kjem sakte men sikkert. Det veit ho sjølv frå arbeidet sitt for å auke talet heiltidsstilsette i Malvik.

Rådhuset i Malvik kommune

Frå kontoret sitt i Malvik kommune prøver ordførar Ingrid Aune å få i gang eit nasjonalt initiativ for å auke talet på heiltidsstillingar i helse- og omsorgs-sektoren.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

– Men eg må gjere noko i mi rolle som folkevald. Eg er her i fyste omgang for fire år. Om fire år må eg kunne sjå på at eg prøvde å få til noko, og denne saka må vi få løyst.

Det vil skape tryggare kvardagar for dei det gjeld, og bedre jobbar, vi treng kvalifisert personell fram mot eldrebølgja som kjem, for å ha eit godt helsevesen.

Avisa Klassekampen tok først opp denne saka. Til avisa seier Kommunanes Sentralforbund KS at dei meiner det skjer ei positiv utvikling på feltet.

KS opplyser at ei gjennomsnittleg stilling i kommunesektoren var på 81,8 prosent i 2012, og at den fire år seinare hadde auka - til 82,5.

Avisa har rekna ut at kvinnene i helsesektoren med det tempoet i utviklinga, kjem til å ha komme opp i 100-prosentstillingar om 98 år, i 2016.

Storkommunane støttar initiativet

Ordførarane i fleire store kommunane kastar seg no på utspelet frå Malvik-ordføraren. Truleg kjem KS til å få ei bråte innspel på at dei så langt har glømt denne saka i førebuingane sine til samtalane med regjeringa på dei to møta i mars og april.

Også fagbladet Kommunal Rapport har fanga opp Malvik-ordføraren sitt utspel og har intervjua andre orførarar.

Til Kommunal Rapport seier fleire at KS no må prioritere saka.

Snåsa sjukeheim

På sjukeheimane, som her inne på Snåsa sjukeheim, arbeider dei fleste deltid.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

I dag er berre 46 prosent av dei som arbeidet i i kommunane heiltidstilsette.

Av alle stillingar som vart lyst ut på finn.no i fjor, var 52 prosent av sjukepleiar-stillingane deltidsstillingar, og 72 prosent av helsefagarbeidar-stillingane det same.