Hopp til innhold

Vil gje elevane tidlegare juleferie

Kommunalråd Erling Moe (V) i Trondheim kommune ynskjer at årets juleferie skal starte tidlegare for skuleelevane. – Vi veit at det er smitte ved fleire skular i Trondheim. For å unngå at elevar og tilsette tek med seg smitte inn i høgtida, kan ein avslutte nokre dagar før, føreslår han. Forslaget skal opp i formannskapets møte 1. desember.

Erling Moe
Foto: Bent Lindsetmo / NRK