I fjor haust vedtok Mattilsynet at drifta måtte avviklast etter mange år med brot på lova om dyrevelferd. Dermed kan dyra bli tvangsslakta om ikkje nokon vil kjøpe dei.
På garden i Melhus er det i dag nesten 60 sauer, rundt 30 kyr, oksar og kalvar, 13 ponniar og 70 høner. I tillegg er det for tida drygt 100 lam, ifølgje Støvring.
– Må gripe inn før dyr lir
Denne veka møtte ho staten i Sør-Trøndelag tingrett. Ho har saksøkt Landbruksdepartementet for å få utsett avviklinga til vedtaket er prøvd rettsleg.
Sidan 2007 har Mattilsynet vore på fleire inspeksjonar. Talet på pålegg og vedtak er vanskeleg å fastslå, men det er mange. Det er stort sett dei same forholda Mattilsynet kritiserer:
Tomme drikkekar. Dårlege leskur. Mangel på tørre liggeplassar. Gjørmete uteområde. Manglande hovpleie og stell av sjuke dyr. Ikkje brannvarslingsanlegg i fjøset.
LIGGEPLASS FOR STORFE: For få plassar innandørs til at alle kan ligge samstundes.
Foto: MattilsynetStøvring har gjort lite for å betre forholda, meiner Mattilsynet.
– Her er det snakk om å gripe inn for å hindre at dyr lir i framtida.
Det sa prosessfullmektig Simen Hammersvik då han innleia i Sør-Trøndelag tingrett. Han representerer staten ved Regjeringsadvokaten.
Hammersvik sa dette ikkje er ei «dyretragedie» slik vi høyrer om til tider. For partane er samde om at ingen dyr svelt eller tørstar i hel på garden til Støvring.
Men der stoppar semja.
Mattilsynet meiner dei har gitt Støvring nok sjansar til å rette opp det dei kallar «grove» brot på Lov om dyrevelferd. Vedtaket om å avvikle gardsdrifta og forby henne om å drive med dyr, er gjort etter paragraf 33 i Lov om dyrevelferd.
Det er den strengaste reaksjonen Mattilsynet kan gi.
GROVE BROT: Prosessfullmektig for staten, Simen Hammersvik, meiner Støvring har fått mange nok sjansar til å rette opp forholda.
Foto: Kari Sørbø / NRKOrka ikkje å opne alle breva frå Mattilsynet
– Eg tek ikkje lett på regelverket. Folk seier at eg ikkje er eigna til å halde dyr. Men eg er ein dyktig fagperson, seier Støvring.
I mange timar har ho forklart seg i rettssal 413 i Trondheim tinghus denne veka. Med ujamne mellomrom vedtek Mattilsynet at bønder må avvikle drifta. Men det høyrer til unntaka at bonden er utdanna veterinær med 10 års røynsle som tidlegare tilsett i Mattilsynet.
Støvring erkjenner at ho kunne ha retta meir opp i forholda i løpet av dei mange tilsyna. Men samstundes hardna konflikten til etter at ein ny inspektør tok over, meiner ho.
I staden for å gje henne råd og tips medan dei var på tilsyn, kom pålegga og vedtaka i posten. Svarte ho ikkje, kom det nye brev.
Etter kvart orka ho ikkje å opne dei, fortalde ho i retten.
Der er det også lagt fram mange bilete som Mattilsynet har tatt. Støvring meiner fleire er misvisande fordi dei viser feil utsnitt.
DRIKKEVATN: Storfe drikk frå elva vinterstid. Mattilsynet meiner ei delvis frosen elv ikkje er godt nok.
Foto: Mattilsynet– Treng ikkje å vere eigna som dyrehaldar sjøl om ein er veterinær
Støvring tok over garden i Melhus i 1998. Fjøsen manglar innlagt vatn. Eit tilbakevendande tema frå Mattilsynet er at mange dyr skal ha tilgang til vatn heile tida. Mange av dyra går også ute på vinteren. Men dei har tilgang til drikkevatn gjennom elva som renn gjennom området, argumenterer Støvring.
– Mattilsynet har freista å trykke meg ned, og det har vore ei stor psykisk påkjenning. Men å saksøke staten har gitt meg ny energi, seier Støvring.
UTETT: Leskur skal ha tre tette sider slik at dyra kan søkje ly. Mattilsynet fann fleire døme på brot på regelen.
Foto: Mattilsynet– Det å vere utdanna veterinær med solid fagkunnskap betyr ikkje det same som at ein er eigna til å drive dyrehald, sa prosessfullmektig Simen Hammersvik i prosedyren sin torsdag.
Advokat Torkjell Øvrebø, som representerer Støvring, samanlikna metodane til Mattilsynet med å «finne brødsmular».
– Finn ein nok smular, har ein til slutt eit brød, altså ei sak. Så skal ein ta livet av friske dyr, for å hindre at dei lir i framtida, sa Øvrebø i prosedyren sin.
Han viste også til at Støvring no har ordna brannvarsling i fjøset.
– At ting er ordna etter at vedtaket om aktivitetsforbod er gjort, kan ein ikkje ta omsyn til, meiner Hammersvik, som representerer staten.
Staten avviser også påstandar frå Støvring om inhabilitet i Mattilsynet. Både lokalt og sentralt.
LESKUR FOR SMÅFE: Utett og ikkje godt nok, meiner Mattilsynet.
Foto: MattilsynetMeiner behandlinga av henne er eit «takk for sist»
Støvring kritiserte i vinter avgjerda i Mattilsynet om å skyte villrein for å stoppe skrantesjuke. Ho meiner behandlinga av henne er eit «takk for sist» og at ho blir oppfatta som «ein kverulant».
Domaren skal no avgjere om Støvring får medhald i at vedtaket om avvikling er ugyldig.
– Vi ønskjer ikkje at det går ein vinter til slik forholda er for dyra, seier prosessfullmektig Hammersvik.
Mens Støvring er budd på å anke saka til lagmannsretten om ho ikkje får medhald.