Hopp til innhold

Du kan bli straffa for hån og grov offentleg rasistisk hets

Ein dom fredag kan gjere det meir risikabelt å kaste språkleg dritt på andre via nettet.

Tore Strømøy og Haddy N'jie

Ein mann er no dømd for å ha karakterisert programleiar Haddy N'jie på grovt usømeleg vis. Her er NRK-profilen saman med ein annan, frøyværingen Tore Strømøy.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Ein mann som karakteriserte programleiar i NRK Haddy N'jie, på heilt usømeleg vis, er denne veka dømd til 30 dagars fengsel i Oslo Tingrett.

Tingretten aksepterte ikkje aktor sitt forslag om samfunnsstraff, men skjerpa dette og valde i idømme fengslingstraff, på vilkår.

Mannen tilstod i retten dei grove krenkingane av ein annan person han hadde stått bak, og sa han forstod at uttrykka han hadde brukt ikkje var verna av ytringsfridomen.

Rasismeparagrafen

Straffelova set forbod mot rasistiske og hatefulle ytringar offentleg.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Det var etter at hat-utsegnene mot den kjende, ikkje etnisk norsk programleiaren fekk stor merksemd, at politiet i Oslo valde å etterforske dei.

Oslo tingrett seier i dommen at straffelova har forbod mot hån på grunn av hudfarge og etnisk eller nasjonalt opphav.

Statsrådar slit med Facebook-kommentarar

Hatefulle ytringar om framande florerer i enkelte sosiale media, og facebook-sidene til to statsrådar har også i det siste vore fulle av slike.

Både statsråd Listhaug, innvandringsministeren, og trøndaren og fiskeriminister Per Sandberg, har fått mange meldingar om utlendingar og ikkje etniske nordmenn skrive på sine sider som er i den gata at dei kan komme inn under eit muleg straffeansvar. Begge statsrådane slit med å få sletta slike meldingar frå profilane sine.

I følgje Aftenposten denne veka er det på Sandberg si side brukt ei rekkje utrykk om AUF-leiaren Mani Hussaini, som ikkje egner seg til å gjentakast, etter at Hussaini gjekk til åtak på Listhaug under ein 1. maitale i Melhus.

Sanberg på Frp-landsmøtet

Per Sandberg på Frp-landsmøtet i 2015. Der stilte trøndaren i enkel t-skjorte med påskrifta 'Good Journey', god reise.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix
Mani Hussaini

Arbeidernes Ungdomsfylking sin ikkje etnisk norske leiar Mani Hussaini er utsett for sers grov hets etter at han sjølv brukte sterke ord om statsråd Listhaug 1. mai.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Dei nedsettande karakteristikken hans av innvandringsministeren vart seinare beklaga, men likevel blir ungdomspolitikaren sjikanert på det grovaste på grunn av bakgrunnen sin som ikkje norsk av opphav, og muslim.

Også på si eiga Facebookside er AUF-leiaren sjikanert på det grovaste, men så langt er det ikkje klart om det blir snakk om politisak av dette.

Meiner nett-troll treng lys på seg

Nettrolla som dei ofte blir kalla, slenger ofte ut av seg ubehøvla karakteristikkar av menneske dei av ein eller annan grunn mislikar sterkt, og som regel er det menneske frå andre kulturar det går ut over.

På spørsmål frå Aftenposten denne veka sa Per Sandberg at det er slik i alle sosiale media, og at han meinte "trollene" bør få kome ut i lyset.

LIsthaug rekk ikkje slette alt

Statsråd Listhaug seier til NRK at ho ikkje har tid til å fjerne absolutt alt som er kritikkverdig på si eiga Facebook-side.

Til dette seier statsvitar og forfattar av boka "Sosial kommunikasjon", Svein Tore Marthinsen til NRK, at statsrådar som alle andre, har eit eige ansvar for å sørge for at hets ikkje blir ståande på opne Facebook-sider.

På Facebooksida til statsminister Erna Solberg står det at "all form for rasisme og grove krenkelser vil bli slettet".

Fleire kan bli straffrettsleg ansvarlege

Her i landet har vi etter kvart blitt vande med at menneske i full offentlegheit utrykker halvrasisistiske og rasistiske utsegner om medmenneske dei ser ut til å hate på grunn av hudfarge eller etnisitet.

Eksempla er mange, men etter dommen i Oslo tingrett kan det i framtida bli litt verre å komme unna med slikt ustraffa.