Hopp til innhold

Verja stal 130.000 kroner – stortingsfleirtalet vil ikkje gi utviklingshemma brødrepar erstatning

Fleirtalet på Stortinget støttar ikkje forslag om å gi eit utviklingshemma brødrepar i Trondheim erstatning, etter at ei statleg oppnemnd verje stal 130.000 kroner frå dei.

Underslag og svindel

Regjeringspartia meiner forslaget frå Karin Andersen ikkje er greia ut godt nok.

Foto: Faksimile

– Det gjer meg rasande at vi ikkje får løyst dette, seier Karin Andersen som tok saka opp.

SV-politikaren er ikkje nøgd med dei borgarlege partia. Dei går mot forslaget om ei generell ordning. Ho skulle sikre at personar som har statleg oppnemnd verje blir haldne skadeslause om dei blir påført økonomiske tap på grunn av kriminelle eller aktlause handlingar av verja. Ordninga var meint å ha tilbakeverkande kraft i tre år.

Då NRK først omtalte saka i januar, gjekk det fram at ei verje stal 200.000 kroner frå eit utviklingshemma brødrepar i Trondheim. Like etter underslaget døydde verja, men staten gir ikkje brørne nokon erstatning etter tapet.

SV stortingsgruppe

Staten seier om du må ha verje og vel verje. Om den verja lurar deg, så må staten ta ansvar så du ikkje mister pengane dine, meiner Karin Andersen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Staten har ikkje gjort feil

– Det er ingen som har lov til å underslå. Det er ingen som godtar dette, sa kvinna som blei oppnemnd som ny verje for brødreparet til NRK i vinter. Ho ville ikkje å stå fram med namn.

Statens sivilrettsforvaltning avslo kravet om erstatning. Avdelingsdirektør Line Schei Mogenstad sa at erstatning berre blir gitt dersom staten har gjort ein feil.

Saka blei etter dette løfta opp til dåverande justisminister Tor Mikkel Wara, men han svarte at:

« ... staten sitt ansvar for konsekvensar av verjene sine handlingar følger alminnelege regler om statens erstatningsansvar. Staten har ikkje ansvar utover dette».

Andersen tok saka med seg inn i justiskomiteen. Der fremja ho forslag om at Stortinget ber regjeringa raskt etablere ei ordning som sikrar at personar som har statleg oppnemnd verje blir haldne skadeslause.

Ingunn Foss

Ingunn Foss (H) er medlem av Justiskomiteen på Stortinget.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Handlar ikkje om økonomi

Ho fekk støtte for dette frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet, men under votering i Stortinget tysdag stemte det borgarlege fleirtalet ned forslaget.

– Dette er ei sak som heile komiteen er einige om at er både urettvis og urimeleg, seier Høgres Ingunn Foss.

Ho legg til at usemja dreiar seg om korleis problemet kan løysast og ikkje om økonomi.

– Forslaget som låg på bordet i dag, det meiner regjeringspartia at ikkje er godt nok utgreidd.

Ifølgje Høyre-politikaren jobbar departementet med å finne ei kvalitetssikra løysing som ho ventar å få tilbake til Stortinget.