NRK Meny
Normal

Vellykka bygd i tvil om flyktningemottak

Ei rad bygdekommunar er i tenkeboksen når det gjeld om dei skal ta imot flyktningar. Men mange stader er det langt fram mot ei kommunal avgjerd når staten spør. Slik er det på Høylandet.

Høylandet under revyfestivalen

Revyfestivalbygda Høylandet er ein god plass å bu, men flyktningar tar bygda ikkje imot.

Foto: Einar Tyldum

Hege Nordheim-Viken

Hege Nordheim-Viken er SP-ordførar på Høylandet. Ho vil ikkje seier kva ho meiner om flyktningmottak.

Foto: Karin Jegtvik / NRK

Høylandet er ein av ti trønderkommunar som så langt ikkje har svara Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, IMDI, på om dei kjem til å ta imot flyktningar i år.

– Vi skal greie ut om det vil vere mogleg, seier SP-ordførar i kommunen, Hege Nordheim-Viken, men ser for seg at det vil ta tid.

Ordføraren vil ikkje forskottere verken kva ho sjølv meiner om spørsmålet, eller kva kommunen til slutt vil ende på.

Ho har inga meining, før kommunepartiet har konkludert i saka.

Rekk det ikkje i år

– Saka er ikkje enkel, det finst mange hinder som må overvinnast av praktisk art, før eit mottak kan komme opp som sak i kommunestyret, så i år vil ein nok ikkje få til noko vedtak, seier ho.

Vi er oppfordra om å ta imot i år, men ei hovudutfordring er bustadmangel. Eit leilegheitsprosjekt i kommunen har tatt lang tid å få i gang.

Dels handlar det om vanskelege grunnforhold, legg ho til.

Slik har saka stått i stampe.

Ap positive

Anita Østby

Anita Østby utfordrar Senterpartiet om ordførarmakta i kommunen til hausten og seier ja til flyktningmottak.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Vi må ta imot, seier Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i kommunen, Anita Østby. Ho utfordrar Hege Nordheim Viken om ordførarklubba framfor valet til hausten.

Arbeidarpartiets sin ordførarkandidat kjem til å gå til å gå til val med eit klart syn: Ho vil at bygda skal få nye landsmenn og kvinner.

– Eg trur hållingane er både opne rause og glade, så eg ser ikkje heilt dei store utfordringane med dette, seier ho.

– Sjølvsagt er det dette med språk og vi må få til å integrere dei, og mange syns kanskje det høyrest litt skummelt ut, at det kjem folk frå andre land som ikkje kan språket vårt og ikkje forstår kulturen, men sånn som eg kjenner hållingane, så trur eg dei er opne for det, seier Ap si toppkvinne i bygda.

Den nye saka om Syria-flyktningane

No har Høylandet bede om meir tid også for å svare på den nye, akutte saka som regjeringa bed om hjelp til, nemleg mottak av flyktningar frå krigen i Syria. Kommunen rekk ikkje å svare innan fristen og treng meir tid. Administrasjonen må lage ei skikkeleg politisk sak, om kva kommunen skal meine og seie.

Kva svaret blir, er høgst uklart, ifølgje ordføraren.

Scorar høgt på kommunebarometera

Høylandet er ein kommune der smilet og humoren sitt laust.

Bygda er kjent over heile landet for revyfestivalen som blir arrangert annakvart år. I år er det klart for festival igjen. Da kryr det av tilreisande i tre heile dagar.

Høylandet scorar også høgt på alle kommunebarometer over dei kommunane der det er godt å bu. Ein kommune der folk er glade i bygda si. Skolen får gode resultat i testar.

Truleg er Høylandet dermed også ein kommune det vil vere godt å komme til.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25