Hopp til innhold

Vegbygging forsinka av stengde grenser: Vil kunne koste titals millionar i månaden

Nye vegar meiner at utanlandske vekependlarar bør få unntak frå innreiseforbod.

Anleggsarbeidet ved E6 mellom Kvål og Melhus er forseinka grunna stengte grenser.

MANGLAR ARBEIDARAR: E6 mellom Kvål og Melhus er eit av fleire vegprosjekt ramma av stengde grenser.

Foto: Morten Andersen / NRK

Stengde grenser vil føre til forseinkingar i vegbygginga i Noreg og titals millionar i auka kostnadar om regjeringa held fast på reglane som gjeld i dag.

– Dette vil etter kvart få svært alvorlege konsekvensar for vegprosjekt, som kan bli forlenga så lenge som innreiserestriksjonane gjeld.

Det seier utbyggingsdirektør i Nye vegar Johan Arnt Vatnan.

– Nokre titals millionar kvar månad frå og med mars. Kanskje nokre hundre millionar kroner om restriksjonane held fram ut året, anslår han at det vil koste.

Han reknar med auka kostnadar og utsettingar så lenge dei utanlandske arbeidarane som jobbar for dei ikkje slepp inn i Noreg.

Under ein normalsituasjon ville det vore vesentleg fleire, men akkurat no er det snakk om rundt 50 spanske og svenske vekependlarar som ikkje slepp inn i landet, fortel Vatnan.

– Vi er under opptrapping på fleire prosjekt og kontraktar, seier han.

Nye veier

RÅKA AV STENGDE GRENSER: Utbyggingsdirektør i Nye vegar, Johan Arnt Vatnan poserer i gravemaskina før den offisielle markeringa av byggstart på E6 Kvål-Melhus oktober 2019. No fører stengde grenser til forseinkingar i arbeidet med vegen.

Foto: Kristian Helgesen / Nye veier

Desse vegane er ramma

Desse vegprosjekta vert no påverka av grensestenginga, ifølgje Nye vegar.

  • E6 Moelv-Roterud
  • E18 Rugtvedt-Langangen
  • E6 Ulsberg-Vindåsliene
  • E6 Kvål-Melhus
  • E6 Ranheim-Værnes

Andre prosjekt under bygging kan og bli forsinka eller få utfordringar på grunn av problem med varelevering frå utlandet, fortel Johan Arnt Vatnan.

o9mI01bkmzw

STENGT: I starten av januar stengde regjeringa fleire grenseovergangar til Sverige. Her ved sperringar på Fylkesveg 102.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Stengt i over ein månad

Den 27. januar stengde regjeringa grensene for dei fleste utlendingane som jobbar i Noreg. Folk i yrke som regjeringa meiner er kritiske oppgåver får framleis kome inn.

Førre fredag opna regjeringa også grensene for personar som dagleg pendlar til Noreg frå Sverige og Finland.

Dei må følgje desse reglane for å sleppe inn:

  • Dei må ha bevis på negativ koronatest som er tatt for maks sju dagar sidan.
  • Dei må og dokumentere at dei faktisk bur i Sverige eller Finland.
  • Dei må ha med seg attest frå arbeidsplassen, som bekreftar at dei er dagpendlarar.

Vil ha unntak for vekependlarar

Sidan Regjeringa opna for dagpendlarar, meiner Nye vegar grensene også bør bli opna for dei utanlandske vekependlarane som jobbar for dei. Så lenge entreprenørane kan vise til gode rutinar rundt smittevern og husing i Noreg.

Jobbane dei gjer er så spesialiserte og viktige for samfunnet at dei bør få unntak frå restriksjonane på innreise, meiner Nye vegar.

– Det bør absolutt vere slik at denne arbeidskrafta får kome inn i Noreg på lik linje med dagpendlarar, seier Johan Arnt Vatnan.

Også Johan Hansson i Peab-anlegg, som no har permittert rundt tjue svenske vegarbeidarar knytte til eit av Nye vegar sine vegprosjekt, stiller spørsmål ved dette.

– Eg meiner det hadde vore rimeleg å sleppe inn vekependlarar frå Sverige når ein no slepper inn dagpendlarar. Men vi respekterer sjølvsagt at regjeringa har valt å gjere det slik, seier Hansson.

Entreprenøren heldt dei svenske arbeidarane i Noreg så lenge som mogleg.

– Men etter to veker måtte dei heim til barn og familie. Og no kjem dei ikkje inn igjen, seier Hansson.

Johan Hansson, administrerande direktør i PEAB anlegg.

HAR PERMITTERT TILSETTE: Johan Hansson er administrerande direktør i Peab anlegg. Han har no permittert kring tjue tilsette som følgje av grensestenginga.

Foto: Alen Cordic / PEAB anlegg

– Viktig, men ikkje viktig nok

Statssekretær i Justisdepartementet, Lars Jacob Hiim frå Høgre seier det er vanskeleg å seie når grensene vil opne igjen.

– Grensene er stengt på grunn av smittesituasjonen og den er framleis svært alvorleg. Vi vil nok rekne med at det blir avgrensingar i innreise ei god stund til, seier han.

Vegbygginga i Noreg hastar ikkje nok til at justisdepartementet vil opne grensene for utlendingar som jobbar med dette.

– Det å bygge vegar er viktig, men det er ikkje samfunnskritisk akkurat no, seier Lars Jacob Hiim.

Han peiker på helse, redningstenester og jobbar knytte til mat, vatn- og kraftforsyning som eksempel på samfunnskritiske jobbar.

Det skal vere strengt nødvendig at du kjem inn i landet for å halde dette i gang, seier Hiim.

Lars Jacob Hiim

VIL IKKJE OPNE FOR VEKEPENDLARAR: Statssekretær Lars Jacob Hiim i justisdepartementet seier det ikkje er aktuelt å opne grensene for vekependlarar med dagens smittesituasjon.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

EØS-reglar hindrar unntak for enkelte land

Rundt 80.000 personar som jobbar i Noreg bur i utlandet.

Det å gje unntak for vekependlarar ville i praksis føre til at grensene vart opna for mange av desse, Ifølgje Lars Jacob Hiim.

EØS-reglane gjer det vanskeleg å opne grensene for arbeidarar frå enkelte land. For eksempel for vekependlarar frå Sverige, fortel Hiim.

– Dagpendlarane er derimot ei svært lita gruppe folk som bur og har sitt liv akkurat i grenseområda, seier han.