Hopp til innhold

Vegvesenet melde dei for 35 brot – no slepp dei bot

Sjåførar må sjølv ta ansvaret for å ikkje køyre for lenge utan kvile, meiner transportselskapet i Trøndelag. No har retten, under tvil, kome til same konklusjon.

Veglo AS.

TILTALA SELSKAPET: To sjåførar stod for mange av brota på køyre- og kviletid. Politiet gav selskapet bot som det nekta å betale.

Foto: Veglo AS

Veglo AS i Stjørdal har rundt 70 sjåførar på lønningslista og 60 vogntog på vegane over heile landet.

Ein yrkessjåfør skal ta pause etter å ha køyrd i fire og ein halv time.

Ved grove brot på køyre- og kviletida får sjåførane personleg ei bot. Det er sjeldan selskapet dei køyrer for blir bøtelagd.

Nekta å betale bot på 150.000 kroner

I 2019 gjennomførte Statens vegvesen føretakskontroll hos firmaet. Ein slik kontroll inneber at bedrifta leverer inn alt av skriftleg dokumentasjon som vedrører køyringa til sjåførane. Vegvesenet undersøkte perioden frå 1. januar til 31. mars.

Pausen skal vere på 45 minutt, eller delast opp i to kortare pausar, ifølgje vegtrafikklova.
Dagleg køyretid skal ikkje vere på meir enn ni timar. Men to gongar i løpet av ei veke kan sjåføren køyre i ti timar med pausar. Dette er reglane i heile EØS-området.

Gjennomgangen til Vegvesenet enda med at 35 brot vart meldt til politiet. Av brota stod to sjåførar for 15 av dei.

Skjermdump fra rettsdokument

FARTSSKRIVERDATA: Analyse gjort med dataverktøy av Statens vegvesen. Det raude viser køyring, det blå når lastebilen har stått i ro. Her køyrde sjåføren 1 time og 24 minutt lenger enn reglane tilseier.

Veglo AS meinte det var sjåførane som hadde ansvaret for å passe reglane og nekta å betale føretaksbota på 150.000 kroner. Derfor enda saka i retten.

Strengare sanksjonar mot sjåførar, meiner retten

Sentralt i saka står data som blir registrert på fartsskrivaren i kvar lastebil.
Av den kan ein lese av kor langt sjåføren har køyrt utan pause og kor lang pausen var.


Undervegs i køyringa får sjåføren også automatisk varsel når det snart er på tide å ta pause.

Fleire av brota innebar at sjåførar køyrde halvannan time lenger før dei tok pause.

Dagleg leiar og styreleiar i Veglo AS, Arve Veglo, vedgjekk i retten at bedrifta hadde problem med ein del sjåførar som ikkje greidde å ta pausar. For å få hjelp har Veglo dei siste åra leigd inn konsulenthjelp.


Sjåførane får brev om konkrete brot som er oppdaga. Dei blir ofte kalla inn på kontoret og får beskjed om at slikt ikkje skal skje, opplyste Veglo.

Retten meiner Veglo AS burde ha sterkare sanksjonar, som varsel om oppseiing, overfor sjåførar som braut reglane ofte.

Avviksskjema fylt ut etter varsel om kontroll

Veglo AS har laga sitt eige avviksskjema. Her skal sjåførane skrive kvifor dei må bryte reglane om køyre og kviletid.

Skjermdump av rettsdokumenter

AVVIKSSKJEMA: Ei dødsulukke på vegen gjorde at sjåføren vart ståande i fem timar.

Foto: Skjermdump
Skjermdump av rettsdokumenter

AVVIKSSKJEMA: Sjåføren skriv at han køyrde gjennom Sverige og Finland fordi Saltfjellet kunne bli stengd.

Foto: skjermdump

I retten kom det fram at sjåførar fekk beskjed om å fylle ut skjemaet lenge etter at køyringa hadde funne stad, fordi Vegvesenet hadde varsla internkontroll.

Etter rettens mening svekker dette troverdigheten til de angitte årsakene i avviksmeldingene, står det i domen.

Nokre av brota vart forklart med stengde vegar på grunn av ulukker, dårleg ver eller at sjåføren ville «heim» for kvelden.

Sjåførar på Nord-Noregsrutene valde nokre gongar å køyre gjennom Finland og Sverige. Forklaringa var storm på norskekysten nedover eller at Saltfjellet kunne bli stengd. Det gjer ruta mykje lengre.

Trailer venter på at Saltfjellet skal åpne.

SALTFJELLET: Mange stengingar kan gjere det vanskeleg for sjåførar å overhalde reglane, meiner Veglo AS.

Foto: Frank Nygård / NRK

Retten meiner dei fleste brota ikkje kan sjåast på som unntak frå reglane. Dei må tolkast «strengt og firkanta» av omsynet til trafikksikkerheita.

Meir gebyr, mindre straff

I løpet av første halvår i 2021 vart dryge 3800 sjåførar her i landet kontrollerte for brot på køyre- og kviletida. Av desse vart 382 melde til politiet fordi brota var grove.

Statens vegvesen har kontroll av vogntog

KONTROLL: Frå 1. september skal det gjevast gebyr og ikkje straff for ein del brot på køyre- og kviletida.

Foto: Fabian Ubeda / NRK

Frå denne veka gjeld ei ny forskrift i vegtrafikklova. Den inneber gebyr i staden for straff for ein del brot på køyre- og kviletida. Målet er å effektivisere handhevinga. Forskrifta legg også opp til delt ansvar mellom sjåfør og bedrift.

I denne saka ville 24 av dei 35 brota ført til gebyr, om dei nye reglane gjaldt.

Trøndelag tingrett meiner det ikkje er bevist at Veglo AS hadde nokon fordelar av at sjåførane braut reglane. Bedrifta har også innført omfattande kontrolltiltak. Under litt tvil, frifinner retten derfor Veglo AS og dei slepp dermed å betale bota.

Veglo AS er svært nøgde med domen:

–Vi meiner vi har gjort den jobben vi kan gjere for at sjåførane skal ha ein tilrettelagd kvardag utan å bryte køyre- og kviletida, seier dagleg leiar Arve Veglo til NRK.

Aktor, politiadvokat Christian Spets kjem ikkje til å anke domen. Men han viser til at retten er samd med påtalemakta i at dei fleste regelbrota ikkje kan reknast som lovlege unntak.