NRK Meny
Normal

Vart nordiske meistrar i Verdal

Noreg sitt G16-landslag slo Island 5-3 på Verdal Stadion søndag ettermiddag.

Noreg slo Island 5-3

Noreg slo Island 5-3 på Verdal stadion i ettermiddag.

Foto: Kaja Kristin Ness / NRK

Rosenborgspelarane Fredrik Midtsjø, Jonas Svendsson og Kristoffer Aasbakk spelar til daglig for Rosenborg. Denne gongen fekk dei representere Noreg.

- Burde gjort det betre

Midtsjø scora det fjerde målet til Noreg mot Island, men var ikkje heilt nøgd.

- Det var artig og det gjekk greitt. Eg er godt nøgd med kampen, men eg er jo skuffa over at vi ikkje nådde finalen, seier Midtsjø.

For sjølv om det norske G16-laget kan kalle seg nordiske meistrar etter den harde kampen mot Island, nådde dei ikkje heilt opp. Sidan turneringa er open, kunne fleire lag enn dei nordiske vere med. Men utan å kunne ta tittelen. England og Skottland speler finalekampen klokka 16 i dag.

- Viktig for nivået

Leif Ivar Aksevoll

Leif Ivar Aksevoll i NFF trur arangementet er viktig for betre nivået på spelarane.

Foto: Kaja Kristin Ness / NRK

Leif Ivar Akselvoll i Norges Fotballforbund er turneringsansvarlig, og er stornøgd med turneringa. Han meiner avtalen om eit opent meisterskap løftar turneringa og gir spelarane moglegheita til å spele på eit høgare nivå.

- Dette er eit ledd i å utvikle unge spelarar, som har godt av å møte gode spelarar frå andre land.

Krisftoffer Aasbakk var heller ikkje heilt nøgd med å ikkje kome heilt i toppen, men er glad for pallplasseringa. Eit lite skår i gleda var at han måtte ut av kampen på grunn av ei skade.

Kristoffer Aasbakk med strekk i lårbandet

Kristoffer Aasbakk måtte av bana med strekk i lårbandet.

Foto: Kaja Kristin Ness / NRK

- Eg har fått ein strekk i leddbandet, men det går nok snart over. Det gjekk ikkje heilt min veg i dag. Eg fekk det ikkje heilt til, seier Aasbakk.

Opent nordisk meisterskap gjekk frå 28. juli til 2. august på ulike stadar i Trøndelag.

Video fra Trøndelag

Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
I over 80 år har Hugos tivoli fra Levanger holdt på. I sommer har en 25-åring overtatt som leder i familiebedriften.