NRK Meny
Normal

Vart henta med luftambulanse etter front mot front-kollisjon

Tre bilar skal vere involvert i ei trafikkulukke på fv. 714 ved Mjønes i Snillfjord.

Laster kart, vennligst vent...

Seks personar er involvert i ein front mot front-kollisjon i Snillfjord. Tre er frakta med luftambulanse til sjukehus, medan dei tre andre er på veg i bil. Operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Bernt Tiller, kan fortelje at det ikkje skal vere snakk om alvorlege skadar:

– Alle er vakne og pustar sjølv, så sånn som det er vurdert no er det snakk om lettare skadar, seier han.

Vegen er rydda

Ein bil frå Hitra skal ha kommen over i feil køyrefelt, og kollidert med ein annan bil. Deretter kom det ein bil til og køyrde inn i bakfrå. Bilberging er på staden for å få rydda opp raskast mogleg.

– Det er ein del trafikktrøbbel på staden, men det jobbast med å få det ordna, seier Tiller.

19:30 melder politiet på Twitter at vegen er rydda og opna for fri ferdsel.

Laster Twitter-innhold

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.