Hopp til innhold

Varmaste mai på lenge: – Vil ha store konsekvensar

Mai månad har vore prega av både varme, tørke og ekstremnedbør. Det bekymrar klimaforskarar.

collage ekstremvær mai

EKSTREMVÊR: Mai 2024 har bydd på ekstremvêr i form av både varme, tørke og store mengder nedbør på kort tid.

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kombinasjonen av veldig lite nedbør og ekstrem varme er uvanleg og vil nok ha store konsekvensar.

Det seier Reidun Gangstø, klimaforskar ved Meteorologisk institutt. For bak oss ligg ein mai månad prega av høge temperaturar, tørt terreng og ekstremnedbør.

Det er ein heilt spesiell månad me har lagt bak oss no. Det har vore ekstremt varmt i store delar av landet, frå Midt-Noreg og nedover til Sør-Noreg. Det er ekstremt. Det er veldig spesielt at det er så varmt i mai.

Temperaturane i mai låg heile fire grader over normalen og tangerer temperaturrekordane frå mai 2018. Lenge låg mai 2024 an til å bli den tørraste maimånaden på lenge, men heilt på tampen kom nedbøren.

Les også Her bruker de 12 millioner liter vann hver dag for å redde grønnsakene

Ferdig blomkål fra Nordgrenda på frosa.

– Naturleg variasjon og klimaendringar

Seniorforskar Marianne Tronstad Lund ved Cicero fortel at me lever i eit land med store variasjonar frå år til år og sesong til sesong.

Men det er klart når me ser temperaturrekordar bli slått, så er det sannsynleg at det kan koplast til ei underliggande global oppvarming.

Les også Varmaste mai-starten nokosinne fleire stader i Noreg

Linnea Apeland, Mari Haugstad Stake og Ingrid Henriksen sitter på et piknikteppe på Marinen i Trondheim og prater med hverandre. De har på seg lette sommerklær og solbriller.

Førre gong mai månad var like varm som i år var i 2018. Men sjølv med naturlege variasjonar er det grunn til bekymring, meiner seniorforskaren.

Klimaendringar og global oppvarming driv med seg ekstremvêr. Både ekstrem nedbør og ekstreme temperaturar. Dermed blir det rekordar og vêr utanfor det me kjenner til.

Mandag er det store oversvømmelser i Oslo.

Tidlegare denne veka var det store overfløymingar i Oslo.

Og nettopp dette har me sett konsekvensar av fleire stader i landet denne månaden.

Måndag fekk Oslo på berre 20 minutt meir enn halvparten av normal månadsnedbør for mai.

Medan bøndene i Trøndelag må bruke 12 millionar liter vatn i døgnet for å redde avlingane.

Og fleire stader i landet har det vore stor skogbrannfare den siste månaden.

Hans CossonEide redaksjonsleder klima og teknologi det store bildet

Klimaendringane gjer meir styrtregn

Har du tenkt at sommerdagane oftare blir avbrutt av ein plutseleg, intens regnskur?

Då har du rett.

Klimaendringane har allereie ført til auke i ekstremnedbør i Europa og Noreg, ifølge FNs klimapanel og Norsk klimaservicesenter.

Kvifor regnar det meir når verda blir varmare? Sveip for å lese meir.

Styrtregn oslo 27. mai 2024
Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Regnet samlar seg

Menneskeskapte utslepp av CO2 og andre klimagassar har allereie gjort verda varmare.

Når det er varmt, fordampar vatn opp i atmosfæren. Varmare klima gjer også at atmosfæren kan halde på meir vatn, ifølge klimapanelet.

Derfor fører ei varmare verd til meir intens nedbør, særlieg om sommaren.

Styrtregn oslo solli plass

Kor mkje meir styrtregn har vi fått?

Det har både blitt meir regn og meir styrtregn i Europa dei siste åra, og det er knytt til klimaendringane, ifølge FNs klimapanel.

Også i Noreg har talet styrtregn, og kor mykje regn som kjem, auka dei siste tiåra. På Blindern er det målt dobbelt så mange styrtregn som før, men målingane er usikre.

Styrtregn oslo 27. mai 2024

Kor mykje verre blir det?

Så langt har verda blitt rundt 1,1 grad varmare sidan førindustriell tid.

For kvar grad varmare verda blir, ventar forskarane nesten ei dobling ekstremnedbør-hendingar.

Med dagens klimapolitikk ligg verda an til 2,8 grader oppvarming, ifølge UNEP.

Kan endre økosystema

Kombinasjonen av tørke og ekstremnedbør slik me har sett i mai, trur klimaforskarane kjem til å bli meir og meir vanleg.

– Me må vere førebudd på begge deler og det gjer ei ekstra utfordring for landbruket. Ein treng å har riktig mengde vatn til riktig tid, seier Gangstø.

Brann i Leka

Tidleg i mai måtte brannmannskap frå Leka, Bindal og Terråk jobbe for å halde brannen på Leka under kontroll.

Foto: Namsos brann- og redning

Men det er ikkje berre produksjonen og avlingane til bøndene som kjem til å merke konsekvensane.

Les også Rekordmye lyn det siste døgnet: – Et formidabelt antall

Mye vann i veien i Oslo

Når det gjeld nedbør og særleg i urbane område er det infrastruktur, overfløyming i kjellarar, problem med kollektivtransport og så vidare, legg Tronstad Lund til.

Ho seier at både samfunn, infrastruktur, jordbruk og naturen kan bli påverka av meir varme og ekstremnedbør.

Over tid, viss dette er ei trend med tidlegare og varmare vår, så kan det endre på økosystema. Særleg i bløming, men også hos insekta.

Les også 2023 var et rekordår: – Dessverre

A23a-isfjellet

– Me ikkje miste håpet

Også statssekretær Sigrun Aasland i Klima- og miljødepartementet let seg uroe over dei hyppige vêrrekordane.

– Ekstremvêret er her no, og det treffer Europa og Noreg med større styrke enn resten av verda. Klimaet held fram med å endra seg, og me vil dessverre oppleva meir ekstremvêr i åra framover.

Les også Klimaendringene skaper allerede mer styrtregn

Styrtregn, oslo, 27. mai 2024

– Derfor må me, og alle land i verda, kutte utsleppa raskt og tilstrekkeleg nok til at desse hendingane ikkje blir større enn me klarer å handtera dei, legg Aasland til.

Statssekretæren seier det kan bety store forskjellar for oss om Noreg klarer å avgrense temperaturauken.

– Kvar desimal og kvart tonn tel. Derfor må me ikkje gi opp ambisiøse mål. Me må ikkje slakka ned på innsatsen eller minste håpet.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at mai 2024 var rekordtørr, men på grunn av nedbør som kom på slutten av månaden enda det opp med å ikkje bli så tørt. Artikkelen blei oppdatert 3. juni klokka 10.30.

Les også Fylkeskommuner skal spare millionbeløp på færre jobbreiser i år

Tomas Iver Hallem