NRK Meny
Normal

Varm og tørr juli i Trøndelag

Tru det eller ei, men temperaturane i juli låg ein til to grader over normalen.

Munkholmen, Trondheim

Juli baud på fleire sommardagar der det var muleg å bade i Trondheimsfjorden.

Foto: Kristin Agerlie / NRK

Mange har nok rista på hovudet over lite sol i Trøndelag i sommar. Mens juni månad blei oppsummert som kaldare og våtare enn normalt , viser statistikken at juli slett ikkje er så ille.

– Det har også vore mindre nedbør enn normalt, seier vakthavande ved vertenesten på Ørlandet, Kjell Hoff, til NRK.no.

Kotsøy på varmetoppen

Den varmaste dagen i juli var det innbyggarane i Kotsøy i Midtre Gauldal som kunne glede seg over.

– Det blei målt 28,5 grader i Kotsøy, mens Steinkjer følgjer på ein andreplass med 27,9 grader, seier Hoff.

Kotsøy toppa også statistikken over sommardagar. Dei kunne notere 24 dagar med temperatur over tjue grader.

Høge temperaturar

Vertenesta på Ørlandet har målt temperaturen i Trøndelag sidan 1936.

Frå 2002 - 2009 viser statistikken høge snittemperaturar gjennom året.

– Dei 67 andre åra har vore ganske dårleg, men sidan det har vore bra dei siste åra, er det vel det vi hugsar, seier Hoff.

Vanskeleg å varsle

Ifølge meterologane er sommaren den vanskelegaste perioden å varsle veret. Årsaka er at alle versystem flytter seg saktare om sommaren.

– Versystema kan ligge i ro i lange periodar. I tillegg har vi fuktig luft som gir lågt skydekke og det gjer det frykteleg vanskeleg å rekne på veret, seier Hoff.

Han legg til at Meteorologisk institutt har fleire ulike modellar å rekne ut veret på og at desse modellane har store avvik frå kvarandre.

– Dei må plukke ut den modellen dei trur mest på for den dagen.

Grått framover

Kotsøy kunne også notere seg den høgaste temperaturen på den første dagen i august med 24,3 grader. Dei fekk også det våtaste døgeret med 16,2 millimeter nedbør.

Ifølgje Kjell Hoff ser starten på august ut til å bli heller grå og våt, utan dei heilt store varmetoppane i Trøndelag.

Sjekk veret på Yr .

– Tirsdag, onsdag og fredag blir ganske likt veret i dag, med skyer, litt nedbør som kjem og går og temperaturar mellom 14 og 17 grader, seier Hoff.

Han legg til at torsdagen ser langt lysare ut og at det då truleg er muleg å ta fram shortsen og sommarkjolen igjen.

– Det ser ut som det blir mykje mindre skyer, sol og brukbart ver.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25