Hopp til innhold

Namsos må spare for å betale erstatning

Namsos kommune kan bli tvinga til å betale millionbeløp i erstatning både etter Kattmarka-raset og i forbindelse med omsorgssvikt i barnevernet. Det kan bli vanskeleg for kommunen.

Kattmarka

Raset i Kattmarka utanfor Namsos gjekk 13. mars i 2009. Det er framleis krav om at kommunen skal betale erstatning.

Foto: NRK

Det er ikkje tatt høgde for slike «ekstrakostnadar» i kommunens økonomi.

– Dette er utfordrande for Namsos kommune, seier Marit Haukø frå Arbeidarpartiet. Ho sit i formannskapet i kommunen.

– Vi veit jo at det kan komme erstatningssaker, og det må vi vere førebudd på. Men det kan bli vanskeleg med dei økonomiske utfordringane vi har, seier ho.

Politiet har sikta barnevernet i Midtre Namdal samkommune for omsorgssvikt. Namsos er ein av kommunane i samkommunen, saman med Fosnes, Namdalseid og Overhalla.

Må spare 40 millionar

Namsos kommune hadde eit underskot på 21 millionar i 2012, og sju millionar kroner i fjor. No er det sett i gang tiltak for å spare inn 40 millionar kroner de neste åra.

– Vi må komme i mål, og vi må ha ei drift som er tilpassa dei inntektene vi har, seier Haukø.

Samtidig har kommunen så langt betalt fem millionar i erstatningar etter Kattmarka-raset i 2009, og rundt to millionar etter omsorgssvikt i barnevernet. Men utgiftene kan bli mykje større i åra framover.

Berre i Kattmarka-saka er det fremma krav om erstatning på 46 millionar kroner frå bebuarane, mot både Namsos kommune og staten. I tillegg er det venta fleire erstatningssaker i samband med omsorgssvikt i barnevernet.

– Vi har jo sett i gang tiltak, så vi håper at vi skal komme i mål når vi får gjennomført dei tiltaka. Men det kan komme uventa utfordringar, mellom anna med erstatningskrav, seier Haukø.

– Kan bli vanskelege situasjonar

Marit Haukø etterlyste ein plan for å møte desse utfordringane i åra framover da formannskapet i Namsos kom saman tirsdag. Men det var lite konkret som kom fram under møtet.

– Korleis trur du innbyggarane i Namsos vil merke utfordringane i kommuneøkonomien?

– Det kan bli vanskelege situasjonar, men dette er ein jobb vi skal gjere saman. Vi må bruke både fornuft og tid, og vi må sikre at innbyggarane får det tilbodet dei har krav på. Det er viktig å ha gode tilbod, seier Marit Haukø.