Hopp til innhold

Valdtektssikta lauslaten – mistanken svekka meiner lagmannsretten

Mannen som er sikta for ha valdteke fem kvinner i huset sitt i Trondheim, er sett fri frå varetekt. Frostating lagmannsrett meiner mistanken mot mannen er svekka. Sjølv har han forklart at kvinnene frivillig var med på BDSM-sex.

Kolbjørn Margido Lium, Vegard Aaløkken og forsvarer Erik Vatne under fengslingsmøtet i en voldtektssak i Trondheim i august 2022.

FEKK MEDHALD I LAGMANNSRETTEN: Tre av forsvararane til den valdtektssikta mannen.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Mannen i 40-åra vart pågripen i april etter at politiet oppsøkte huset hans i samband med ein fest.

Same kvelden blei han sikta for å ha valdteke ei kvinne som var til stades i huset.

Fleire kvinner melde seg

Mens mannen sat i varetekt vaks saka i talet på kvinner som meinte dei hadde vorte valdtekne av mannen.

Han forklarte seg detaljert i fengslingsmøta om det han meinte hadde gått føre seg. Han viste til at det han kalla eit «sexrom» i huset sitt fordi han dreiv med BDSM-sex.

Les også: Sikta for å ha valdteke fire kvinner: – Horribelt, seier mannen i 40-åra

Trondheim tinghus
Trondheim tinghus

Kvinnene var innforstått med dette og var med på det frivillig, forklarte mannen. Han sa også at dei hadde eit fast stoppord som skulle brukast dersom ein av partane ikkje ville vere med lenger.

Så langt er mannen sikta for åtte valdtekter av til saman fem kvinner.

Trøndelag tingrett forlenga varetekta med fire veker frå 16. september. Forsvararane anka til lagmannsretten. Den er samd med forsvararane at det ikkje er grunnlag for vidare varetekt.

Ikkje fare for gjentaking

I grunngjevinga for å sette mannen fri, viser lagmannsretten både til bevisa og faren for nye straffbare handlingar.

Retten meiner mistanken mot sikta er svekka og viser til truverdet i forklaringane til fleire av dei fornærma.

Forsvararane har påpeika det dei meiner er motstridande opplysningar frå nokre av kvinnene.

Det andre vilkåret for varetekt er faren for gjentaking, som retten avviser:

«(...) saken har fått stor oppmerksomhet, både i media og ellers. Alle i miljøet rundt N, N vet hva han er siktet for. Det er ikke svært sannsynlig at N, N., selv om han skulle fått
muligheten, ville ta risikoen på å gjenoppta sine tidligere aktiviteter knyttet til BDSM-sex, skriv retten.»

Politihuset Trondheim

På politihuset i Trondheim går etterforskarar gjennom mange filmar som sikta sjølv laga.

Foto: Anne Heidi Røstad/NRK

1100 timar med opptak frå «sexrommet»

– Vi er sjølvsagt usamde med lagmannsretten, men ser ikkje noka mogelegheit for å nå fram i Høgsterett.

Det seier politiadvokat i Trøndelag politidistrikt Line Novstad Klungreseth til NRK om avgjerda til lagmannsretten.

Politiet har mellom anna tatt beslag i 1100 timar med filmopptak frå «sexrommet». Det var sikta som hadde montert skjulte kamera i rommet.

Fleire av kvinnene som har status som fornærma er attfunne på opptaka saman med sikta.

– Er det eit nederlag for etterforskinga at den sikta no er sett fri?

– Det er alltid opp- og nedturar i ei etterforsking, svarer politiadvokaten.

Novstad Klungreseth opplyser at siktinga er den same og at det per i dag ikkje er snakk om nye fornærma.

Planen er å vere ferdig med etterforskinga til jul.

Kolbjørn Lium er ein av forsvararane til den sikta.

Lium har i dag snakka med sin klient.

– Han er svært letta over å ha sleppt ut etter fem månadar i varetekt, og han ser fram til å reinvaske seg heilt, seier Lium til NRK.