NRK Meny
Normal

Valdssikta mor blir verande i varetekt - ankar til Høyesterett

Mora til den tre år gamle jenta som døde i Overhalla førre månad har veld å anke Frostating lagmannsrett si avgjersle, etter dei i dag avgjorde å halde fram med varetektsfengsling.

Forsvarer og politiadvokat

Forsvarsadvokat Leif Strøm og politiadvokat Amund Sand.

Foto: Morten Andersen / NRK

Tidlegare i veka avslo Trondheim tingrett vidare varetektsfengling for den valdssikta mora. Politiet anka og fekk medhald hos lagmannsretten. Kvinna sin forsvarsadvokat, Leif Strøm, bekreftar til NRK i kveld at klienten hans ønsker å anke saka vidare til Høyesterett.

– Eg meiner lagmannsretten har tatt feil avgjersle. Vi er tydeleg ueinig når det kjem til faren for at bevis vert øydelagde, seier Strøm.

Verken Strøm eller mora er ikkje einig i lagmannsretten si avgjerd.

– Resultatet i lagmannsretten sin kjenning er at påtalemyndigheitene har fått medhald, så dermed er klienten min framleis varetektsfengsla. Foreløpig kan dei halde ho i varetekt fram til 10. august, seier Strøm.

Meiner det er ei spesiell sak

Forsvarsadvokaten seier at mora er skuffa over avgjersla til lagmannsretten. Han seier at dette er ei veldig spesiell sak, og at det derfor er moglegheit for gjennomslag hos Høyesterett.

– Det er to grunnar til at ho sit i varetekt. Den første er at politiet meiner dei har god grunn til å mistenkeho for å vere delaktig i dødsfallet, og den andre er at ho kan påverke vitner. Klienten min er ueinig i begge desse punkta, seier Strøm.

Han vil skrive anken i løpet av helga, og håpar på ei avgjersle frå Høyesterett mot slutten av neste veke.

I kjenninga til lagmannsretten står det at dei føreset at den sikta sine helseproblem, med tanke på graviditeten, blir ivaretatt sjølv om ho er varetektsfengsla.

Ikkje overraska over avgjersla

Strøm forklarar at mora er innlagt på sjukehus, kor ho foreløpig vil bli verande.

– Forskjellen no når ho er i varetekt er at det blir meir restriksjonar under opphaldet på sjukehuset. Kor lenge ho vil vere innlagt er opp til overlegen, seier forsvarsadvokaten.

Han er ikkje overraska over lagmannsretten si avgjerd.

– Det er vanleg at politiet ankar slike avgjersler, og det er heller ikkje uvanleg at dei får medhald av lagmannsretten. Dei er veldig overbevist om nødvendigheita av at ho blir verande varetektsfengsla, noko eg ser på som ein sterk overdrivelse, seier Strøm.

Stefaren blir også sitjande i varetekt

Den valdssikta stefaren velde å anke på det faktum at han sit i varetekt, på bakgrunn av at han meiner det ikkje er grunnlag for mistanke mot han i saka. Stefaren sin advokat, Anders Kjøren, bekrefta i dag at anken vart forkasta i lagmannsretten. Kjøren tvilar på at klienten hans ønsker å anke vidare.

– Klienten min meiner han ikkje har gjort noko gale, og at politiet ikkje har komt med bevis som knytter han til dødsfallet, seier Kjøren.

Frostating lagmannsrett skriv i kjenninga at det er grunn til mistanke for straffbar handling som kan medføre høgare fengselsstraff enn seks månadar. I tillegg vil det vere fare for at bevis vert øydelagt dersom sikta skulle lauslatast. På bakgrunn av dette blir stefaren verande i varetekt.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.