Hopp til innhold

Utlendingar redder trøndersk landbruk

Talet på utlendingar som jobbar i trøndersk landbruk er femdobla på 15 år.

Ole og Ingebrigt Bjørseth
Foto: Øystein Windstad / NRK

Gardbrukar i Melhus, Ole Bjørseth meiner det ikkje er muleg å drive gard utan å leige folk frå utlandet.

I likheit med mange andre, tilsette gardbrukar Ole Bjørseth frå Melhus arbeidarar frå Latvia. To med god utdanning innan faget blei henta opp til for å hjelpe til korn, mjølk og grisehaldet.

Grisane på garden Langland Nedre i Melhus smatta og grynta, godt nøgde, og bryr seg nok lite om det er ein norsk, eller Latvisk røktar som steller dei. I år jobbar rekordmange 25.000 frå utlandet, spesielt frå austeuropa på gardar her i landet.

Ingebrigt Bjørseth er odelsgut og skal ta over garden ein gong i framtida. Han hjalp faren  med å rekruttere folk frå utlandet til garden. Han fekk enormt med tilbakemeldingar. 

50 søknadar

Mens det nesten var umogleg for gardbrukar Ole Bjørseth å få nordmenn til å jobbe på garden, står det menge frå utlandet i kø. Han fekk over femti søkarar på ei stilling. Dei tilsette to godt utdanna arbeidarar frå Latvia, som blir betalt rundt 20 prosent over norsk minsteløn for denne type arbeid, som er på rundt 90 kroner timen. Det er omlag sju gongar løna i heimlandet. Bjørseth er svært nøgd med arbeidsinnstillinga til dei latviske gardsarbeidarane

Avhengig av utlendingar

Forskar Johan Fredrik Rye ved senter for bygdeforsking har over fleire år kartlagt arbeidsinnvandringa til landbruket. At ein har fått arbeidarar frå utlandet i bygg og annleggsbransjen er godt kjent i dag, men det er kanskje mindre kjent at etterkvart veldig mange også jobbar i landbruket. Rye fortel at grunna den økonomiske ramma for bøndene i dag, har mange ikkje anna val en å tilsette arbeidarar frå utlandet.

Samstundes som utanlandske arbeidarar har berga drifta på mange gardar, kan også arbeidsinnvandringa ha negative følger.

- Store gardar som brukar billeg utanlandsk arbeidskraft, kan utkonkurrere mindre gardsbruk. Desse arbeidarane kan vere sårbar for sosial dumping, fortel Rye.