NRK Meny
Normal

Usemje om heildagsskule

Høgre er svært kritiske til at Arbeiderpartiet ønskjer å innføre heildagsskule viss dei vinn valet.

Skoleelever
Foto: Scanpix / Scanpix

- Vi ønskjer å utvide det gratis, offentlege skuletilbodet, både til å ha lengre dagar og breiare innhald. Arbeiderpartiet ønskjer å styrke den offentlege skulen og er skeptiske til den retninga Høgre tek, med å privatisere skulen, karakterar til tiåringar og medaljar til dei flinke elevane, seier partiets 4. kandidat i Sør-Trøndelag, Eva Kristin Hansen til NRK Trøndelag.

Meir leksehjelp til elevane

I dag har elevane tilbod om skule og frivillig SFO. Eva Kristin Hansen meiner elevane vil få det betre om det blir innført heildagsskule.

- I norsk skule er det mange som har problem med leksehjelp. Vi ser store skilnader mellom dei som har ressurssterke foreldre og dei som har ressurssvake foreldre. Vi legg litt meir leksehjelp inn i skulen, litt meir fysisk aktivitet og ein meir variert kvardag enn det vi ser i dag, forklarar Hansen.

Tretti timar

Høgre ønskjer å auke timetalet i skulen til tretti. Partiets førstekandidat i Sør-Trøndelag, Linda Cathrine Hofstad Helleland forklarar skilnaden mellom tretti timar og heildagsskule på denne måten.

- Vi ønskjer å ha hovudfokus på læring. Vi vil også fleire kvalifiserte lærarar når timetalet aukar, slik at skulane har mulegheit for å tilsette fleire. Skulen skal først og fremst vere ein plass for å formidle kunnskap, det skal vere ein plass å lære og ikkje berre ein plass å vere, seier Hoftad Helleland til NRK Trøndelag.

Dramatiske kutt

Ifølgje Hofstad Helleland har Arbeiderpartiet i fleire budsjett kutta talet på skuletimar i Trondheim. Dette uroar høgrepolitikaren, som syns det er merkeleg at Ap samstundes frontar ein heildagsskule.

- Nyleg gjekk 14 rektorar ut i avisa og uttrykte bekymring over kva elevane lærer i trondheimsskulen grunna Arbeiderpartiet sine kutt. Stortinget løyvde 46 millionar ekstra til Torndheim kommune nyleg. Desse pengane skulle brukast på fleire lærarar og fleire timar i grunnskulen. Tre av millionane gjekk til skulen, resten bruker Rita Ottervik til å dekke underskot i skulen, seier Hofstad Helleland.

- Då Arbeiderpartiet og dei raudgrøne tok over etter Høgre i Trondheim var skulen sterkt svekka, understrekar Eva Kristin Hansen.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.