Hopp til innhold

Amerikansk general i Trøndelag spådde krig i sin julebodskap

Den øvste ansvarlege for US-Marines, general Robert Neller, bad USA-soldatane på Værnes vere klare for krigen.

US-Marines Værnes mai 2017

Dei første 300 mannskapa som høyrer til US-Marines kom til Trøndelag ved inngangen til 2017.

Foto: NRK

– Eg vonar eg tek feil, men det er ein krig i vente. Det sa sjefen for den amerikanske marinen, general Robert Neller, på Værnes like før jul, ifølgje fleire medier.

Utsegna kom i eit møte med dei 300 marinesoldatane som i dag er stasjonerte på Værnes.

Generalen spådde at ein "big-ass fight" er i horisonten. Det er lite anna å tru enn at han med det meinte ein storkrig.

Dei norske mediene som fortel historia, siterer den amerikanske nyhende-nettstaden military.com.

Anten pep-talk eller dyster spådom

Julebodskapen fra generalen til US-Marines sine soldater på Værnes, kan ha vore eit forsøk på peptalk for å få opp kampviljen, før den norske vinteren – om det var naudsynt.

Eller så er forklaringa at det er eit dystert varsko for framtida.

General Robert Neller i US Marines.

General Robert Neller åtvara om at ein krig er på veg, under ein møte med US-Marines på Værnes rett for jul.

Foto: Cliff Owen / AP

Kan raskt tidoble talet USA-soldater

Sjefen for USA Marines skal ifølge det som er står referert frå talen på den amerikanske nettstaden, ha sagt at soldatane må vere kampklare til eikvar tid, fordi han såg for seg at eit stort oppgjer kan komme.

Neller skal også ha sagt at amerikanarane er klare til å auke talet på eigne soldatar på Værnes frå 300 til 3000 over natta, om det skulle bli alvor.

US Marines på Værnes

Soldatar frå USA stasjonerte på Værnes på veg i buss.

Foto: Lars Erik Skjærseth

Dei amerikanske marine-jegarane på Værnes er stasjonerte ut i ein rullerande turnus, for å trene i Noreg, i det norske styresmakter benektar er noko endring av norsk basepolitikk.

Så langt er amerikanarane gitt løyve av Noreg til å vere her fram til 2018.

– De er i kamp, også om opinionen

General Robert Neller sa til soldatane på å sin juletur, at dei ved å vere i Noreg kjempa på fleire plan:

– De er i kamp her, ein informasjonskamp og ein politisk kamp, ved å vere tilstades her.

Venstre-leiar Trine Skei Grande, som no skal i regjeringsforhandlingar med Høgre og Framstegspartiet, som har sams politikk på at US Marines er velkomne i Noreg, har tidlegare sagt at ho ikkje vil ha US Marines på Værnes.

Fekk ikkje snakke om Russland

At det amerikanske nærværet i Midt-Noreg ikkje er politisk heilt uproblematisk, er den amerikanske nettstaden miltitary.com klar over. Da ein journalist frå nettstaden var på Værnes i mai 2017, fekk han høyre at soldatane hadde blitt instruerte i å ikkje bruke ordet "Russland", i intervju med media.

I haust ble det kjend at USAs militære vurderer Værnes Midt-Noreg som ein framtidig hovudbase i Europa.