Hopp til innhold

Urkuburger

Kjøtet frå den gamle kurasen er svært godt egna til burger. Og sidan garden dei matglade radiokokkane besøker ligg like ved E6, blei det heilt naturleg med burger.

Urku
Foto: Tron Soot-Ryen

Ola Langreite driv gard i Snåsa kommune. Stikkord for drifta er kortreist mat. Han driv med den gamle norske kurasen, urfe.

Kortreist urkuburger

- No står vi ikkje langt frå E6, så då blir det hamburger. Kortreist hamburger.

Kokk Inge Johnsen står klar til å steike, med burgerdeigen ferdig.

- Vi kan berre snu oss, så ser vi kor dei kjem frå, seier Tron Soot-Ryen og gløttar mot nokre urkyr i eit gjerde.

- Ola Langleite, kva er det slags burger vi skal lage no?

- Det er ein urfeburger. Urfe er kort fortalt den gamle norske kurasen, som ein trur har vore her sidan folk starta med husdyr. Den er litt mindre enn vanlege kyr. Den har litt andre farger enn norsk rødt fe, seier Johansen.

Kokk og bonde

Kokk Inge Johnsen og bonde Ola Langleite.

Foto: Tron Soot-Ryen

Knock-out

Vidare held han fram:

- Kjøtet har i testar slått knock-out på stort sett alt som er. Kjøtet er godt marmorert, mørt og fin-fibra.

Kjøtet det blir burger av er kverna og krydra, fortel gardbrukaren:

- Ikkje overkrydra, slik at du får fram den gode fine kjøtsmaken. Eg brukar chili, litt kumin og litt kvitløk.

Med noko attåt

Kokk Inge Johnsen meiner når dei først lagar urkuburger, så held det ikkje med vanleg dressing. Då må det noko meir fancy til:

- Vi lagar ein dressing av tyttebær og rømme som vi serverar til. Resten er salat, stekt potet og det du kan tenkje deg til.

Etter litt steiking utbryt kokken:

- Sjå den flotte burgeren Tron!

- Den er så saftig at ein treng nesten ikkje noko på den. Ein ser at det er heilt reint kjøt. Neste gatekjøkken som har urfeburger på menyen får meg som kunde.