Hopp til innhold

Isabel er ein av 700 utdanna frå suksessprosjekt: – Magisk

Lastebilnæringa har sjølv teke kontrollen over opplæringa hos Nav. Speeddating og haldningsarbeid har gitt svært gode resultat.

Isabel Buljo

OMSKULERT: Isabel Buljo er ein av 700 sjåførar som har vorte utdanna og hamna i jobb gjennom samarbeidet mellom NAV og lastebilnæringa.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Det er lenge varsla krise i lastebilnæringa. Mange av dagens sjåførar går snart av med pensjon, og det er også venta auka konkurranse rundt sjåførar frå Aust-Europa.

I Europa manglar det totalt 400.000 lastebilsjåførar, ifølgje Financial Times.

I Trøndelag har eit samarbeid mellom Nav og lastebilnæringa gitt 700 nye sjåførar.

– Vi kunne ikkje drøyme om at vi skulle lykkast så godt, seier Roar Melum, regionssjef i Norsk Lastebileierforbund.

Les også: Stor mangel på arbeidskraft – her kan de ha funnet løsningen

Sinkaberg Hansens lakseslakteri på Marøya
Sinkaberg Hansens lakseslakteri på Marøya

Kursane gav ikkje resultat

For ti år sidan gjekk Riksrevisjonen gjennom kurssystemet til Nav. Dei fann ut at dei brukte store ressursane på ei dyr førarkortutdanning, men at få enda opp i bransjen. Fleire av dei som hadde fått sjansen passa heller ikkje til å vere sjåførar.

– Då dei kom til bedriftene våre, opplevde ein at kvalifikasjonane som yrkessjåfør ikkje var til stades. Det vi gjorde var at vi gjekk inn, og snudde på dette, seier Melum.

Løysinga vart at bransjen sjølv tok ansvar for rekruttering og utdanning av sjåførane. Gjennom «speeddating» fekk næringa sjølv avgjere kva kandidatar som verka passande.

Utdanninga vart også endra, til å ha eit større fokus på haldningar og å byggje opp sjølvkjensla til kursdeltakarane.

– Det var utruleg bra. Alt var kjempebra, seier Isabel Buljo, som har delteke på kurset gjennom Nav. Ho jobbar i dag som sjåfør i Thermomax.

Isabel Buljo

Buljo har no jobba tre år som lastebilsjåfør og gler seg til kvar dag på jobb.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Meir motiverte sjåførar

Etter mange år som vernepleiar var Buljo leid, og ønskte å omskulere seg. Gjennom kurset med Nav og lastebilnæringa fekk ho eit innblikk i fleire ulike firma og fekk knyte viktige kontaktar.

Buljo kunne ikkje vere meir fornøgd med yrkesvalet:

– Eg har den beste jobben i verda. No har eg jobba med dette i litt over tre år, og endå så er det sånn at eg gler meg kvar dag til å gå på jobb. Det er magisk å ha det sånn.

Sjefen hennar, Vegard Søbstad Myhre, har tilsett ti sjåførar gjennom det nye programmet. Han merkar stor endring.

– Det verkar som dei vil litt meir. Før var det: Eg søkjer fordi eg har ikkje noko anna å gjere, har du lyst på ein sjåfør, har du noko jobb til meg? No er dei gira, dei vil dette, seier han.

Vegard Søbstad Myhre

Vegard Søbstad Myhre er avdelingsleiar i Thermomax. Han har henta til tilsette frå kursa på NAV.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Uvant for Nav

For karriererettleiarane på Nav var overgangen til det nye samarbeidsprosjektet stor. Frå å sjølv ha full kontroll over inntak, talet på kursplassar og innhald i kurs, har dei måtte la næringa ta større kontroll.

– At det ikkje var Nav som bestemde kven som skulle vere med, at det ikkje var Nav som sat ved teiknebrettet heilt åleine og utvikla konsepta, det var veldig nytt. Det seier Stine Storm Hauge, fagutviklar i Nav.

Hauge seier samarbeidet har ført til store kostnadsinnsparingar. No blir sett talet på kursplassar opp ut frå kor mange sjåførar bedriftene treng.

– Også blir fleire av sjåførane i bransjen, over tid, seier ho.

Roar Melum og Stine Hauge

Roar Melum, regionssjef i Noregs Lastebileierforbund og Stine Storm Hauge, fagutviklar i NAV, står bak samarbeidet.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Blir innført fleire stader

Roar Melum, som er ein av initiativtakarane til samarbeidet, er svært fornøgd med resultata. Regionssjefen har over fleire år jobba med å spreie suksessformelen til andre delar av landet. No er liknande prosjekt under oppføring både i Rogaland, Buskerud og i Telemark. Fleire står på trappene.

Melum trur eit slikt samarbeid med Nav kan vere ein stor del av løysinga på den framtidige mangelen på sjåførar:

– Gjennom det opplegget vi køyrer her, så utdannar vi jo like mykje som skuleverket i Noreg gjer og det blir jo eit fantastisk tilskot til det behovet vi har som næring.