Hopp til innhold

Unikt fugletårn opna i Ørland

Skal lokke skuleelevar og friluftsinteresserte til å sjå på fuglar saman med ornitologane.

Fugletårn Ørlandet

NYOPNA: Ørlandet viste seg frå si beste side under opninga av det nye fugletårnet.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

I Grandefjæra i Ørland står eit splitter nytt bygg klart til bruk. Etter kort tid vrimlar det av menn på taket; dei peikar og ser i dei store kikkertane sine. Nedanfor fyller seksti 4.- og 5.-klassingar amfiet og grasplenen rundt.

Unikt fugletårn

Grandefjæra naturreservat er det største våtmarksområdet i landet. Mange kjem hit for å sjå på trekkfuglar, for her er det mange ulike artar å studere. No har eit heilt unikt fugletårn og friluftsamfi fått heidersplassen heilt nede i fjæra.

– Eg håpar både det ornitologiske miljøet, skuleelevar, næringsliv og turistar vil komme hit, seier pådrivar for tårnet, Knut Ring, som er varaordførar i Ørland kommune.

Direktoratet for naturforvaltning, Statens naturoppsyn og Ørland kultursenter står bak prosjektet, saman med kommunen.

Fugletårn Ørlandet

TÅRN OG AMFI: Dette er både eit fugletårn, ein læringsarena og ein opphaldsstad i friluft.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

Skal sikre vidare vern

– Det er viktig å få ungane og ungdommen ut i naturen, så dei får sjå kor store verdiar som ligg her, seier Ring.

Målet er nemleg at skulelevar skal ha naturfagsundervisning i amfiet i tårnet, og at grillområdet ved sidan av kan vere ein opphaldsstad for fleire enn dei spesielt interesserte.

– Det betyr mykje for å få eit sterkare vern av området, meiner Ring.

Titta og smilte

Ørlandet viste seg frå si finaste side under opninga, vindstille og med strålande sol. Det fekk dei fleste i godt humør, og leiar i Norsk ornitologisk forening, Kjetil Solbakken, var spesielt nøgd.

– Dette er eit veldig fint samlingspunkt – ein stad der ein verkeleg får større utbytte av å sjå på fuglane, seier Solbakken.

Han har allereie bestemt seg for å komme innom Grandefjæra fleire gonger i året.

Fugletitting Ørlandet

TITTING: Ornitologane samla seg raskt på taket for å starte fugletittinga.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK