Hopp til innhold

Unik teaterforestilling

Teaterhuset Avant Garden i Trondheim gir ei forestilling utanom det normale i gåve til publikum.

Video nsps_upload_2009_8_26_15_46_1_3161.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Vi er i teknologihovudstaden Trondheim. Vi har moglegheiter som ingen andre i Noreg har, seier sjef for Teaterhuset Avant Garden Per Ananiassen.

3D briller og skjerm

Det plingast og spelast på scena til Avant Garden i Trondheim om dagen.
Eit av dei eldste friteatera i landet fyller 25 år. Avant Garden i Trondheim feirar jubileet med eit nyskrive stykke som tek i bruk høgteknologisk utstyr frå NTNU.

Bak skodespelarane er det ein stor skjerm fylt av 3D grafikk, og publikum skal ha 3D briller. Det nyskrivne stykket Veron er Avant Garden si gåve til publikum under 25 års feiringa.

- Dette er framtida

Moglegheitene dei har fått med teknologien frå NTNU er heilt spesielt.

- Vi har utstyr som vi har kunne bruke utan kostnad. I tillegg har vi fått med mykje god kompetanse, seier

Skal teateret ha ei framtid må dei ta i bruk moderne teknologi, meiner teatersjefen.

- Framtida er at vi får på plass fleire kustnarar i denne byen som lagar teater på ulike måtar og ulike virkemidlar med ulik teknologi.