NRK Meny
Normal

Jakta på holemaleri i gåtefull grotte

Ekspertar frå NTNU har vore på holemaleri-jakt i Bølekointa. Den heilt spesielle grotta, som er mest kjent for skjeletta som vart funne der, har fargerike flekkar på bergveggane – noko som kunne likne på holemaleri.

Sjekker hulemalerier

Eva Lindgaard og Lars Strømmen fotograferer grotteveggen, kor det såg ut til å vere eit holemaleri.

Foto: Ingolv Dørum, Drageid leirskole

Utsikt fra grotta

Bølekointa ligg på grensa mellom Osen og Flatanger, og mellom dei to trøndelagsfylka.

Foto: Lars Strømmen / NTNU

Bølekointa er ei grotte på grensa mellom Osen og Flatanger, og her vart det funne tre skjelett og andre beinrestar i 1987.

Først trudde ein at det var eit mysterium, og at skjeletta stamma frå andre verdskrigen eller frå ei politisak.

Det viste seg at beinrestane var mykje eldre, mellom 1500 og 2000 år gamle.

Bergkunstekspertar på synfaring

Klatring til Bølekointa

Det er vanskeleg å komme seg til grotta, og ein må ha med guide.

Foto: Lars Strømmen / NTNU

I grotta er det òg vakre fargespel på bergveggane, noko som kunne vere eldgamle holemaleri.

Arkeolog Eva Lindgaard frå NTNU Vitenskapsmuseet er ekspert på bergkunst, det vil seie hellemaleri, helleristningar og holemaleri.

I slutten av mars var ho på synfaring i grotta, skriv Gemini.no.

Håpet var at figurane på grotteveggen skulle vise seg å vere maleri.

– Det hadde vore heilt spesielt, seier Lindgaard til NRK.

– Dei fantastiske funna i grotta, med både beinrestar og ildstader, kunne ha vore til hjelp med datering, noko som trengs fordi ein manglar god datering på holemaleria, seier ho.

Slike maleri i Noreg kan ikkje daterast direkte, fordi dei ikkje inneheld organisk materiale slik som søreuropeiske holemaleri gjer.

Men fargeflekkane viste seg å vere skapt av naturen, og ikkje av folk.

Resultat av «utfelling»

Bølekointa bergvegg

Fargeflekkane på bergveggen kunne minne om menneskefigurar.

Foto: Lars Strømmen / NTNU

Forskarane gjekk over heile holeveggen, men Lindgaard såg etter kvart at det ikkje var maleri.

– Ein stad var det ein formasjon som kunne minne om ein menneskefigur, men fargeflekkane viste seg å vere skapt av naturen, og ikkje av folk, seier Eva Lindgaard.

Fargeflekkane er truleg resultat av geologiske og kjemiske fenomen, og kjem av utfelling, eit fenomen som oppstår på bergflater som blir tilført vatn som er overmetta på mineralar, skriv Gemini.no.

Vatnet legg att eit tynt lag med mineralar som formar fargeflekkar.

Stengt for allmenn ferdsel

Grotta har likevel ein eim av mystikk ved seg. Det er framleis ei gåte kva som skjedde med dei som døydde der, og som vart funne i 1987.

Ekspertar vil helst ikkje at folk undersøker grotta utan å ha med seg fagpersonar. Atkomsten til hola kan vere farleg utan naudsynt utstyr og kunnskap om staden. Kulturminnet er òg sårbart, derfor er Bølekonta er derfor stengt for allmenn ferdsel utan guide, skriv Osen kommune.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.