Det er for tidlig å si om granatene er farlige, sier stabssjef Karsten Reitan i Distriktskommando Trøndelag.
Fant granater på fjelltur
Det var lokalfolk på fjelltur som fann to gjenstandane som likna på granater ved Dørndalsvatnet i Rissa i helga. Granatene stammar truleg frå krigens dagar, og forsvaret er no kobla inn for å finne ut kva type granater det er snakk om, og eventuelt destruere dei.
Granatfunn også i Melhus
Også ved avkøyringa til Rødde i Melhus fekk politiet melding om granatfunn i helga. Her blei det mellom anna funne ein markeringsladning som blir brukt for å markere ein stad ute på sjøen. Stabsjef Karsten Reitan i Distriktskommando Trøndelag meiner det frå tid til anna vil dukke opp granater rundt i fylket.